MANETBYEN HAUGESUND
Av Nicholas H. Møllerhaug, Haugesund



Haugesund er festivalby og 'sildaby'. I løpet av August finn både Filmfestival og Sildajazz stad i denne litle kystbyen. Filmfestivalen har fått kritikk for å vere altfor 'mainstream'. Mange vil at festivalen skal flyttast. Eg meiner utstellinga til Østebø, Aadland og Høvring er med på å revidera dette inntrykket. Ein slik utstilling og uttrykk har vore meir eller mindre fråverande under tidlegare festivalar. Eit sakn. Tidlegare har det vore intern filmindustriell synsing og kurtise som har stått i fokus. Er filmfestivalen i ferd med å endre kulør og retorikk - eller er det berre ynsketenking?

Resten av året er Haugesund uberørt av festival og turist-retorikk. Berre i August. DÅ står sild og film og jazz i fokus. Ein salig blanding. Ved juletider er det få som snakkar om og hyllar silda. Mest av alt fordi lite skjer i denne byen. Hovudpostane på budsjettet til Haugesund Kommune får August-kulturen: hyllinga av mainstream-jazz (Sildajazzen) og -film (Filmfestivalen). Store summar som burde gleda andre enn dei med Hollywood og New Orleans bak ryggen. I Haugesund fanns ein av dei finaste og særaste festivalar for nokre år sidan. Ein festival som vart ofra på budsjett-alteret for eit par år sidan. Saknet etter Spontanfestivalen er stort.

Spontanfestivalen hylla både brei og smalkultur. Komponisten og fiolinisten Nils Økland planla festival saman med komponisten Arvid Gangsø. Båe to er viktige pilarar i kulturlivet i Haugesund. Og inviterte kunstnarvener frå heile verda til Vibrandsøya. Den vetle øya i Smedasundet vart ei spontan ut- og innsprøyting. Alt vart ellevilt. Folk strøymde til med småbåtar og større til øya. På Vibrandsøya boltra kunstnarar som Ludvik Eikaas, Kjartan Slettemark, Eilif Moe, Kjell Erik Vindtorn, Circulatione Totale, VAMP, Camilla Wærenskiold, Kolbein Falkeid og Andrej Nebb seg fritt. Spor etter dei står framleis. Ein intim festival kor venskapleg stemning var alt. Budsjettet var vågalt - med knappe ressursar.

Dei som vitja Spontantfestivalen i løpet av desse åra gløymer det aldri. Artistane budde heime hjå Økland og venene hans. Hyggeleg - men sikkert slitsomt - særleg for primus motorane. Økonomisk burde ein garantert heile festivalen - den flottaste Haugesund nokonsinne har hatt . Men, for kommunen var Sildajazz og filmfestivalen - som er kopiar av liknande festivalar rundt om i verda. Spontanfestivalen var berre i Haugesund. Haugesund kan ikkje kallast festivalby når den einaste unike festivalen gjekk ad undas.

Ei gruppe unge Haugesunds-kunstnarar har nett forsøkt seg på ny. Med ein annan profil enn Spontanfestivalen og eit sært program har dei satsa hardt. I år arrangerte dei festival for 3.gong. 'Safe as Milk-festivalen' fokuserar nett som Økland og Gangsø på eksperimentell kunst og musikk. Dette er sært med Haugesund og har ikkje med film å gjere! Trass i mikroskopisk storleik har byen eit utruleg undergrunnsmiljø for eksperimentell og improvisert musikk. Men, kommuneadministrasjonen er som i andre småbyar: uinteressert i slikt. Utstillarane i Høvleriet synar dette på ein god måte: med å bruke maneter. Haugesund Kommune satsar berre på sild og film. Medan det er maneter som er framtida.





Tekstar:

Mona Høvring – sonARier

Ole Henrik Moe – Om SonARier og Klee

Tilbake til Nicholas H. Møllerhaug – Maneter i monter