sonARier
installasjon/musikk/tekst




vanviddet renner seint gjennom menneskenes hjerter
så kommer den nye sjukdommen -
den store lykken
Mona Høvring





MANETER I MONTER
Akvarium i 'Høvleriet'


'Høvleriet' i Haugesund var i August åstad for ein særmerkt installasjon. Den gamle verkstaden og sjøhuset blei ein katedral av sjøvatn. Søylene bytt ut med høgreiste akvarium. Desse er fyld med sand, sjøvatn, lenestolar, brennmaneter, anemoner og flagrande brennmaneter. Orgelet og kyrkjesong bytt ut med eit havorgel og manet-lyrikk. Det heile er saktmodig og grotesk. Og ein tilslørd kommentar til ein elles klisjefyld kystkultur.

Det myrke høvlarrommet er eit fabelaktig galleri. Biletkunstnaren Bernhard Østebø har ansvar for rommet. Akvariesøylene står i eit sært ljos og pumpar iskaldt sjøvatn inn og ut. Anemoner, sjøstjerner og manetar rørar seg med stor tråleik. Midt i akvaria står det ulike stolar. Ein får kjensla av ei ekstrem tomleik på havbotn. På stolsetene klatrar sjøstjernene. Anemonene har funne sine yndlingsplassar. Det er som me ser inn i djuphavet.

Komponist Tom Roger Aadland har laga lyd til manetene. Og tatt tak i visjonar knytt til hav og straum. Lyden er avhengig av det iskalde vatnet i Haugesund Hamn. Dette vatnet kjem rett inn frå Nordsjøen. Det same vatnet blir også pumpa inn i akvaria. Utan ferskt iskaldt saltvatn døyr manetene.

Musikkinstrumenta på kaien.


Aadland har konstruert fleire einstrengs-gitarar. Desse er fortøyd fast til ei brygge på ein vèrhard stad. Bølgjer og mykje straum gjev gitarane juling. Rørslene får strengene til å vibrere. Resultatet er eigedommeleg. Lyden blir overførd i 'real time' til Høvleriet. Ein manisk dur endrar seg med bølgje- og straummønsteret uti sundet.

Ljoden frå strengane er foruroligande. Duren durar konstant i det myrke lokalet. Som ein tåkelur eller eit synkande skip. Når store skip synk pressar vassmengdene lufta ut or ventilane - som i eit orgel. Ljoden er skremmande.

Ikkje berre akvaria og den fortrollande lyden speler ei viktig rolle. Ord blir messa ut i rommet med duren som akkompagnement. Lyrikaren Mona Høvring skrive usentimentale havdikt - blotta for tradisjonelle kystklisjear. Dikt som gjev nye assosiasjonar til maneter. Og Haugesund er i ferd med å bli ein manetby.

Av Nicholas H. Møllerhaug, Haugesund




Tekstar:

Mona Høvring – sonARier

Ole Henrik Moe – Om SonARier og Klee

Nicholas H. Møllerhaug – Manetbyen Haugesund





Andre Haugesundslinker:

Safe as Milk,
en hybrid festival
Circus Xanti, et norsk nysirkus