MØTE MED BECKETT
Av Bjørn Endreson

[print versjon]


Eit svar på visittkort, 23 ord: Kom når du vil. Heime i heile haust.
"Café Lilla", 139 Boulevard Montparnasse, halv åtte.
Mildt yr, ho-regn som indianarane seier. Blanke gater. Eg gjekk og nynna på nokre liner han hadde laga for tretti år sidan.

eg ønskjer min kjæraste døydde
og at regnet fall på kyrkjegarden
og på meg som går i gatene
og sørgjer over ho som elska

"Lilla" med stort vindauge der svarte humrar kraup rundt i vatn mellom to glasruter blant steinar og tang. Var det laga til ære for stamgjesten? Eller kanskje han hadde sete der inne ved vindauget og skrive historia "Dante og hummaren"? Hummar på land, levande kokt. - "Well, thought Balaqua, it’s a quick death. God help us all. It is not."

Han stod med ryggen til. Men eg visste det var han: Det smale hovudet, det tettgrodde, gråstrie håret, kortklipt ved dei store øyra bretta litt framover, som på ein som har lydd mykje.

- Mr.Beckett? Han snudde seg.
- Oh yes, there you are. Pause. Taus vandring til bord som ein kveld for ti år sidan eller i går. Kelner. Beckett sa noko og såg på meg. Cola-vodka, sa eg.

Eg hadde ikkje kome for å spørja om noko. Han hadde svart nok. Det var helst han som spurde. Om oppsetjingane heime, og om det vi skulle gjera. Like låg røyst som eg hadde tenkt, lik rollene hans. Like knapp og presis i formuleringane. Mild i måten. Sjølvsagt. Og pausane like sjølvsagde. Til ein av oss braut. Tett. Interessert. Ingen tolkingar og synsmåtar. Konkrete detaljar: Vladimirs lommerusk, Clovs pigg, Arsenal-Ipswich 2-0, pappmånen i "Godot" som vi gjorde med berre lys. O.K. Vindauga på bakveggen i "Sluttspel"-rommet som vi let vera i veggen mot salen. Bra. Enda så nøye han er med sceneskildringane. Som om vi spela sjakk. Plutseleg ei anna brikke enn venta. Av og til i London. Nei, ikkje på teater. På cricket-match.

Drinkane kom. Kelneren gjekk. Høgt glas med whisky og store isbitar. Han samla dei lange fingrane til eit hegrenebb som han stakk ned i glaset, fekk tak i isbitane, lyfte handa høgt og sende innhaldet i parketten med ein piskesnert så spruten stod. Kva var det eg såg? Stumme Gløggs pisk i eit høyrespel, rolege Krapp som plutseleg riv rullane av bandspelaren og hiv dei siste dagboksorda i golvet. Roleg vende Beckett seg mot meg og sa:

-Merkeleg at folk ikkje skjønar kva eg seier.
-Skjønar betre no, sa eg. For tjue år sidan gjekk folk midt under "Sluttspel" og smelte med dørene. I dag kan stykket stå på plakaten i fleire månader.
Det måtte ha vore ein ny kelner. Han kom bort for å byte drinken.
-No, no. It’s all right. Ice gone. Eg høyrde sidan at irlendingar sjeldan vil ha whiskien kald.
-Kor lang tid tok "Not I"? Nesten førti minuttar i Berlin. Ufyseleg heilkveld.
-Atten.
-Bra. Må vera ein stad mellom femten og tjue. Folk skal ikkje gjespe seg heim.

Eg sa vi tenkte å bruke "Pust" som siste nummer av ein kveld med einaktarar (varar tretti sekund). Men nei. Folk kunne tru det var det siste han hadde skrive. Mindre og mindre.

-Bruk det før og etter og mellom dei andre. "Pust" er i alt eg har skrive. Trekte det tilbake da det vart misbrukt som forspel til "Oh Calcutta". Der brukte dei nakne lår blant alt rasket. Det finst ikkje kroppar i "Pust", berrre uorganiske restar, andedrag og skrik.

Pause.

Seia noko her og no. Ikkje om noko. Omsnakking vart han ferdig med på skulen. Slutta som lærar fordi han kjende at ingenting av det han sa var sanning. Gjekk ut og leita og fann ut at det å ha "meiningar" er umogeleg. Kan ikkje kjenne seg sjølv, derfor heller ikkje andre, derfor heller ikkje noko i det heile. Prøver å seia så presist som mogeleg at det å seia noko endeleg om noko ikkje er menneskeleg mogleg. Krakken blir sparka vekk frå ørkenvandraren i "Spel utan ord" i det han skal setja seg. Kan ikkje seia noko, vil ikkje, tør ikkje, må. Og for å vri litt på vennen Descartes: Veit ikkje, altså er eg. Har det vondt, ergo er eg. Og så le litt, vera klovn. Ingenting er så morosamt som det ulykkelege, seier Nell i søppelkassa mens ho ventar på døden eller nirvana. Men Miltons utkasta Adam og Eva fann hendene til kvarandre. Vera saman i elendet, lik Didi og Gogo, Nell og Nagg, alle para i Becketts verd, ber ein over så mykje. Og varmen, der han måtte finnast.

Eit dragspel ute på gata. Musikk?
-Ja, musikk er alt eg har laga. Nokre urtonar. Om att og om att. Med variasjonar. Bur rett borti gata her. Arbider helst i hytta ved Seinen, utanfor byen. Vinteren i Marokko. Du finn meg om du vil. Eg har funne eit par småting i skuffen. Teater I og Teater II. Dei kan de få spela. Som dei første.

Kvelden blir lang. Brune sigarettar med svart tobakk. Og i sløret av røyk dette andletet meisla i marmor, teikna i honning på same tid, slite ned til sirlege fòrer, brunt som pensla med lys tjære. Malmfuru. Lik dei urokkelege grunntema hans, og forma. Utan tvil, utan nåde, stein ved havet reinska for mose, slam og sniglar. Rom utan tapet og nips, inne ved den inste kviskring der vi alle er stakkarar i filler og tap og anger og uvisse.

Han tok vennleg farvel med kelneren med isen. Vi vart ståande ei stund utanfor mellom ei østersbu og hummervindauget. Lufta var framleis yr og det berre hovudet hans fekk perler. Høghalsa genser, ru lang skinnjakke med saueragg til fòr, hadde ikkje tatt han av inne.
-Hels alle som arbeider for meg der oppe, sa han. Skriv eg meir før eg fer, skal eg sende det til Dykk med ein gong.
-Bra, sa eg, for elles blir eg arbeidslaus, har ikkje lenger deg å snylte på.

Så gjekk han, rask og rank som ein spydkastar på veg til stadion for å trene. Det var den einaste overraskinga: Så mykje yngre og sprekare enn trudd. Men ein slik fysikk må vel til om dei skal kunne berast alle dei bok- og scenefigurane som alltid sit som iglar på innsida av hjernebarken hans. Krefter må vel til for ein Sisyfos, ein Job, eit sinn som trufast ventar på Godot og veit han aldri kjem. Kanskje.




Bjørn Endreson har oversatt store deler av Becketts dramatiske produksjon, og er kjent som den store formidleren av Beckett til et norsk publikum. Han var i en årrekke en drivkraft ved Rogaland Teater, spesielt i forhold til barneteateret. Denne teksten finnes i Skodespel I, utgitt av Document Forlag.