Arne Garborgs Kolbotnbrev – liv og skrift
Av Ragnhild Reiso
[print versjon]



Arbeidstittelen på denne utgåva av tidsskriftet er “Garborg og sannheten”, stikkord er sanninga som retorisk verktøy, den essayistiske krafta, den radikale forfattaren. Eg har i mi hovudoppgåve “Arne Garborgs Kolbotnbrev – liv og skrift” sett nærare på ei samling tekstar han ga ut i 1890. Etter mi meining møter ein i Kolbotnbrev bruk av sanning som retorisk verktøy i eit verk med essayistiske trekk, eit verk som skildrar ein viktig periode i livet til den radikale forfattaren. Fyrst litt om innhaldet i boka, så mykje om forma og stilen:


Innhald og tema
Dette er ei rad tekstar som fortel om Arne og Hulda Garborgs opphald på Kolbotnen som ligg oppe under Tronfjellet i Østerdalen, i Tynset kommune. I den fyrste delen av boka møter me Garborg som sommargjest på Kolbotnen. Me vert presenterte for den vakre naturen på høgfjellet og kontrasten til den skitne byen Kristiania. Garborg lika seg ikkje på kontoret i byen (han var då tilsett i Statsrevisjonen, med alt det elende han arbeidde med der!), og han lika spesielt ikkje utsikta til “Morgenbladet”! Denne delen av boka handlar mykje om politikk og samfunnsliv, men har og med ein del naturskildring. Naturen på fjellet er fager, sjølv om det er Kristiania-folk der og. I “Tredje breve” auser Garborg ut frustrasjonen sin over avsetjinga frå Statsrevisjonen (han hadde tala maktmennene i mot – og vart slått med bonden), over Venstre og målrørsla. Ein storm friskar opp forfattaren og minner han på at politikk og pengar ikkje er alt, men når det går mot kveld kjem dei mørke tankane. Det er ei som går inne i Kristiania og lir vondt...

I den andre delen, “Husliv”, møter me ekteparet Hulda og Arne Garborg. No har dei tatt det store steget og for 5 kroner og 36 øre var dei som før var syndige, reine som gull. No skal ekteparet flytta til fjells for alvor, og dei skal freista å bu der året rundt. Det er midtvinters og det er ikkje berre enkelt å bu i ei dårleg isolert sommarhytte, langt er det til sivilisasjonen og. Ekteparet får ein son som får kjælenamnet Tuften. Her er det familiemannen som styrer pennen, me høyrer om stort og smått frå familielivet. Det er alt i alt mange lukkelege stunder i fjellstova. Og i denne andre delen av Kolbotnbrev er det mykje naturskildring og ho aukar i intensitet utetter i breva.

Etter kvart byrjar isolasjonen og einsemda på høgfjellet å tæra på nervane. Det er vanskeleg å bu så avsides, og det er ikkje lett å stella for eit lite barn. Garborg skildrar eit anfall av nærast panisk angst, og Hulda vert meir og meir utmødd av fjellivet. Til slutt må dei reisa frå fjellstova, og etterskriftet er skrive i Diessen am Ammersee, Bayern i 1889. Då dei forlet Kolbotnen og “heile denne vesle store Verdi der me førde vaar fyrste saare Strid for aa byggje oss ein Heim … daa tek ho Hulda til aa graate” (Garborg 1890, 139).

Boka skildrar eit prosjekt både kunstnarleg: det å leva av pennen, og personleg: ekteskapet. Det er særleg i andre delen av Kolbotnbrev at me kan snakka om dette, Hulda og Arne gifta seg, lånte pengar til fjellreisa og heiv seg ut i eventyret. Garborg sjølv kalla det ein stad den “villeste romantikk”. Det var heller ikkje lett å leva av skrivinga i dei tider, Garborg hadde freista før og mislykkast. Det er i dei heile eit vanskeleg prosjekt dei gjev seg i kast med. Og til ein viss grad lukkast dei. Sjølv om dei reiser frå hytta, kjem dei attende til ho med jamne mellomrom, og saman lever dei – av kunsten - til døden skil dei av.

Garborg vert gjerne presentert som ein alvorsmann og grublar, til tider nærast sutrete. Denne boka syner ei anna, meir intim side ved mannen. Her kjem ektemannen, faren og venen i fokus, og mange av skildringane er lune og humoristiske. Mange lesarar gledde seg over dette. Kolbotnbrev vart godt likt då ho kom ut, og nådde mange lesarar. Boka er sett på som ei av dei mest lesarvennlege bøkene i forfattarskapet. Det var særleg naturskildringane og den optimistiske tonen som fall i smak hos publikum. Kolbotnbrev vert rekna for å vera eit av dei lysaste og mest optimistiske verka til forfattaren, trass i dei tunge stundene som og vert skildra i teksten. For det er og ein plaga mann som skriv. I dagboka noterer Arne Garborg i 1905 at han lika seg godt i Kolbotnen, “og hadde det so godt som ein sjukleg Mann utan framtidstrygd kunde ha det” (Garborg 1924, 19).
Einsemda i fjellet og den store avstanden til det offentlege livet røynde nok på. Men dette er og ein veldig produktiv periode i forfattarskapet til Arne Garborg, og det er i desse åra han skapar seg eit stort nasjonalt og internasjonalt namn. Den radikale forfattaren som skriv om dei mest usedelege emne (m.a. Hjaa ho Mor vart til i denne tida), sit oppe på ei lita hytte på høgfjellet og freistar å vera barnefostre for sonen sin.


Kolbotnbrev og sakprosa
Kolbotnbrev byggjer på ei rad brev prenta i “Fedraheimen” 1885-1888, desse vart så omarbeidde og sendt ut som bok i 1890. Til utgåva i Skriftir i Samling (1909) vart breva omarbeidde ein gong til, og det er denne utgåva eg byggjer på. Her er det mellom anna lagt til eit utdrag av eit brev skrive så seint som i 1894 . Det er “kunstnerisk fridom” ute og går, både når det gjeld endringane i breva frå fyrste publisering i “Fedraheimen” til samlinga i bokform, og endringane frå originalutgåva til utgåva i Skriftir i Samling. Ein kan tolka det som Garborg ved den siste omarbeidinga la meir vekt på det dikteriske potensialet i stoffet. Likevel byggjer verket klårt på faktiske hendingar, det ser ein av andre kjelder, som til dømes personlege brev og Hulda si dagbok frå samme periode.

I doktoravhandlinga På jakt etter Arne Garborgs ironi, analyserer Geir Mork Kolbotnbrev. Han kallar den ei forunderleg bok som likna lite på andre samtidige bøker. Framstillinga er rapsodisk, sjølvironisk og ludisk. I følgje denne avhandlinga har verket klåre innslag av fiksjon, og Mork meiner omarbeiding frå avisbrev til bokbrev har gjort dette tydelegare:

Ei lesing av breva slik dei først blei publiserte i avisa, jamført med bokversjonen, avslører at forfattaren har gjort store endringar. Alle desse endringane drar i same retning: Breva trer fram som ståande betre i forhold til kvarandre. Ved bokutgivinga har dei blitt redigerte slik at dei klarare refererer til kvarandre. (Mork 1989, 305)

I faglitteraturen har Kolbotnbrev ofte vorte nytta som ei kjelde til innsikt i Arne Garborgs liv, på lik linje med private brev. Det er fyrst i seinare tid at dette har vorte problematisert. Forskarar som Østigaard, Mork og Obrestad er alle inne på at verket har innslag av fiksjon. Østigaard av di det er lagt til eit nyare brev, og av di det er så store endringar frå brev til bok. Mork av di han finn ei dateringsgåte i teksten og av di redigeringa har gjort samanhengen mellom breva tettare. Obrestad kallar verket ein fiksjonsroman, men nyttar elles verket som stoff i biografiane til Arne og Hulda Garborg.

Det eg vil sjå på her er kva sakprosajangrar ein kan lesa Kolbotnbrev i høve til, og om det ikkje er mogeleg å finna påverknad frå skjønnlitterære sjangre. Grunnlaget for breva er nok sanning, det er sanne hendingar som vert omtala, men Garborg er og forfattar. Han nyttar sanninga som eit verktøy for å få fram ei historie. Kva historie skal ikkje eg freista å seia heile sanninga om, men eg kan i alle fall seia noko om forma på verket. Denne forma meiner eg syner at Kolbotnbrev høyrer heime både under sakprosa og under skjønnlitteratur. Fyrst litt om tilhøvet til sakprosasjangrane brev, essay og sjølvbiografi.


Brev
Brevet er ein særs gammal sjanger, som ein kan finna i eit utal variantar. Eg har i denne artikkelen valt å nytta ein teori som finst hos Tore Brøyn (1990). Han nyttar nemningane privatbrev, litterære brev og forretningsbrev. Det siste er dette ikkje, men dei andre nemningane kan det vera nyttig å kommentera nærare.

Privatbrev er som nemninga seier brev mellom privatpersonar, men nemninga har likevel ulike tydingar hos ulike litteraturhistorikarar. Tendensen er at jo lengre bakover i tid me går, jo fleire brev vert klassifiserte som private. Nokre brev vart sedde på som skjønnlitteratur innafor det romantiske litteraturomgrepet, som til dømes epistlar og nokre private brev. Dette er ei historisk grunna samanlikning, utviklinga av den moderne romanen hadde nær samanheng med utviklinga av privatbrevet. Men privatbrevet har og trekk til felles med sakprosa, forretningsbrev og liknande. Privatbrevet er ei overgangsform, det er ikkje mogeleg å skilja privatbrevets historie frå den generelle brevhistoria. Andre Wellek (1960) seier det slik: “Et brev, som ikke kommer med et personlig utsagn, som ikke i videste forstand så og si, inneholder en bekjennelse, er ikke et brev, men en skrivelse” (her sitert etter Brøyn 1990, 15). Dette synet vert vanlegvis delt av dei som ser på privatbrevet frå ein litterær synsstad. Det var så seint som på byrjinga av 1800-talet at det vert vanleg å sjå på den litterære teksten fyrst og fremst som eit uttrykk for forfattaren sin personlegdom. Synet på privatbrevet som uttrykk for brevskrivaren sin karakter er ein del av den same romantiske kritikktradisjonen. Brøyn vel ein vidare definisjon, meir på linje med diplomforskarens kriterium.

Litterære brev er den andre nemninga Brøyn nyttar. Til dømes er epistelen eit litterært brev, som er mynta på eit offentleg publikum. På same måte som privatbrevet startar epistelen med ein helsingsformel: “Kjære N.N.”, men mottakaren kan vera ein anonym eller fiktiv person. Etter helsingsformelen tek epistelen gjerne for seg noko mottakaren av brevet, eller andre, skal ha ytra, og dette vert utgangspunkt for å greia ut om eit emne. Til dømes var Ludvig Holberg ein ivrig epistelskrivar, og Paulus sine brev vert kalla epistlar. I nyare tid har epistelen vorte avløyst av reisebrev, kronikkar og liknande. Epistelen er i nær slekt med essayet når det gjeld form og utviklingshistorie. Begge har røter i den greske antikkens diatribe; ein teknikk der ein siterte argument frå ein tenkt opponent, for så å gjendriva argumenta med ei rekkje spørsmål og svar. Senecas epistlar vert gjerne rekna som essayets viktigaste forform.

Det siste aspektet eg vil dra fram her, er det som skil mellom autentiske og fiktive brev. Autentiske brev er skrivne av ein historisk person til ein annan historisk person. Litterariseringa av brevet har samanheng med publisering; breva vert omarbeidde av forfattaren og gitt ut, og privatbrevet vert eit kunstbrev, fiksjon. Fyrst ut på 1900-talet vart privatbrev skrivne med blikk på seinare publisering (til dømes hos Kielland og Bjørnson). Kolbotnbrev er basert på brev skrivne for publisering, fyrst i “Fedraheimen”, seinare i bokform. Dette er brev mynta på offentleggjering. Breva kom fyrst i “Fedraheimen”, og delar av dei vart seinare omarbeidde og utgjevne i bokform. Det skulle tyda på at det er litterære brev. Dei har og litterære trekk; til dømes med innslag av lyrikk, dramatisk dialog og det ein kan kalla poetisk språk, spesielt er skildringa av naturen halden i eit nærast målerisk språk. Og breva er ikkje stila til ein privatperson, men til ei lesargruppe. Eg vil seia at teksten hallar mest mot det litterære brevet.

Når det gjeld det autentiske og det fiktive perspektivet, er breva altså ei blanding. Breva er skrivne av ein autentisk person til ei autentisk avis, og vart fyrste gongen utgjevne der. Men då dei vart gjevne ut i bokform, var jo ikkje mottakaren den same lenger, det aukar fiksjonaliteten. Innhaldet gjev seg ut for å vera autentisk, og hendingar som giftemålet og flyttinga er lett verifiserbare. Men ein merknad signert H, som nok står for Hulda, kan slå begge vegar. Det står: “Er det kje rart med denne Mannen: han kann elles vera for det han er; men berre han fær Penn i Handa, so er det kje eit sant Ord i han.” (Garborg 1890, 70) Det kan jo lesast som at Garborg har pynta litt på sanninga i breva, noko som ikkje er uvanleg for nokon. Det kan og lesast som at det meste berre er oppspinn. Men merknaden er jo der i Garborg sitt manuskript; er han ein lygnar, så kan han vel ha sett merknaden der sjølv. Og om han ikkje skriv sant, så treng det heller ikkje vera sant at han ikkje skriv sant, og så vidare. I alle høve skapar slike personlege merknader eit skin av autensitet. Dette verket har jo og vorte lese som eit biografisk verk.
Kolbotnbrev er altså kunstbrev. Kvar går då grensa til epistelen? Garborg greier ut om ulike emne, men ikkje i alle breva. Mottakaren er heller ikkje fiktiv, sjølv om ein kan seia at “Fedraheimen” ikkje er ein eigentleg person. Breva tar heller ikkje for seg noko den fiktive mottakaren har ytra som utgangspunkt for ei utgreiing. Dette høver ikkje inn i definisjonen på epistel. Men andre trekk høver, nemleg det argumenterande og dialogiske. Dette er noko epistelen og har sams med det informale essayet. Det gjeld og det fortrulege, uhøgtidlege preget som har overtyding som mål. Eg trur ein må seia at tilhøvet til epistelen er uavklåra.

Er så Kolbotnbrev ein brevroman? Det er ei samling litterære brev, og samlinga har vorte kalla ein roman (jf. Obrestad 1991, 160). Det var særleg under romantikken at brevromanen var populær. Grunnen til at romanforfattarane grip til brevforma for å skildra det intime, eg-sentrerte medvitslivet, er at slike tema var vanlege i brev lenge før enn i romanen. Samstundes vert nærleiksillusjonen forsterka i og med at forteljarstemma forsvinn, målet med brevforma var ein auka grad av realisme og intimitet. Brevet er, som nemnt tidlegare, ei forform til den moderne romanen. Førebiletet for brevromanen var ikkje berre autentiske brev, men og modellbrev frå brevbøkene. Desse kom etterkvart til å spesialisera seg på brev skrivne innafor intimsfæra, det vil seia brev til vener og familie. Her kan jo Kolbotnbrev passa inn, det er brev frå intimsfæren og nærleiksillusjonen er der. Men dette er jo brev baserte på verkelege hendingar, og sjølv om det er litterært forma, er ikkje alt stoffet fiksjon. Då vert det vanskeleg å kalla det ein rein roman.

Konklusjonen min vert at denne teksten har trekk frå brevsjangeren. Eg vil seia at Kolbotnbrev er litterære brev, med preg av autensitet. Men brev er ein vanskeleg sjanger å definera, for eit brev kan innehalda så mykje. Det er og vanleg at brevet tar opp i seg trekk frå andre sjangrar, som til dømes essay eller sjølvbiografi. Eg vil konkludera med at dette er eit brev, ikkje minst sidan sjangernemninga finst i boktittelen: Kolbotnbrev. Når ein sjanger er så vanskeleg å avgrensa, så får ein stola på forfattarintensjonen.


Essay
Så over til essayet. Her er det det informale essayet i tradisjonen etter Montaigne som er mest aktuell. Kva som er det særeigne essayistiske ved eit essay er det mange som har freista å gjera greie for, utan at ein vel kan seia at ein har vorte einige enno. Men nokre korte definisjonar kan eg ta med her. Sjangeren står nær andre sjangrar, som marginalia, notatar, dagboksoppteikningar, vedkjenningar og sjølvportrett. Det informale essayet er kapittel eller utdrag av essayistens dokumentariske eg-roman, slik definerer Georg Johannesen det i eit etterord om Holberg og essayet (Johannesen 1977).

Det informale essayet har frå Montaignes Essais av hatt den arbeidshypotesa at eitkvart menneske vert prega av menneska sine felles vilkår. Teksten byr fram meiningar, haldningar, fordommar og private trekk. Han legg mindre vekt på emnet enn på personen som skildrar seg sjølv indirekte via sine reaksjonar i høve til emnet. Det informale essayet er kjenneteikna ved at det er eit personleg haldningsessay. Kolbotnbrev er eit verk som klårt gjer oss eit bilete av sin forfattar. Men dette verket er for mangesidig til at ein kan plassera det i ein bås. Ein kan og lesa Kolbotnbrev som ei samling litterære brev, og derfor kan lesast som eit skjønnlitterært verk, ved sida av å vera ei samling sjølvbiografiske skrifter. Med andre ord er Kolbotnbrev ein hybrid – ein kan vel seia at det er radikalt i forma?


Sjølvbiografi
Det er og naturleg å sjå litt på sjølvbiografien. Teoretikarane innan dette feltet kan ein grovt dela inn i to grupper: tradisjonalistar og relativistar. Tradisjonalistane har eit sett med reglar som må oppfyllast, relativistane meiner at dersom eit verk handlar om sin forfattar, så er den sjølvbiografisk. Ein som ser sjølvbiografien frå ein meir relativistisk synsvinkel, er Sveinung Time. Han har diskutert tilhøvet mellom sjølvbiografi og essay i teksten “Om sjølvframstilling i essayet som skrift – med Garborg og Montaigne som eksempel” (Time 1992). Spørsmålet han stiller er: Kva type sjølv- og persolegdomsframstilling er mogeleg gjennom skrift? Han hevdar at essayets måte å nytta eg-et på ofte er meir spanande enn ei beint fram sjølvbiografisk framstelling. Gjennom biografiske skrifter konstruerer ein eit bilete av ein person. Desse skriftene har fått ord på seg for å vera “sanne”, men dei er jo likevel tekstar som er skapte. Det er ein paradoksal sirkel: All sjølvbiografi er fiksjon – all dikting er sjølvbiografi.

Det ser ut til å vera ein samanheng mellom det subjektive og essayet som skrivemåte, eller mellom sjølvframstilling og essayet som skrift. Men den idealtypiske sjølvbiografien er ikkje essayistisk. Den er ei forteljing med orden, forløp og samanheng. Ein vil gjerne skapa ein samanheng. Essayet har nok og ei orden- og heilskapssøkjande form, men den representerer ein annan metode for sjølvframstilling.
Kolbotnbrev er altså eit uvanleg verk, som har trekk til felles med mange sjangrar. Garborg kallar i eit brev Kolbotnbrev for “Min Kolbotn-skizze”. Kanskje passar tekstane inn under dette merket og? Verket er så ope i forma, at det er umogeleg å setja det i bås, men det er vanleg å rekna det til sakprosasjangeren. Tekstane er forma som brev, men dei igjen har sterke essayistiske trekk.


Kolbotnbrev og skjønnlitteraturen
Så tilbake til min påstand om at Kolbotnbrev og høyrer inn under skjønnlitteraturen. For å syna dette, har eg i mi hovudoppgåve sett nærare på trekk frå litterære straumdrag både i samtida og i tiåra etter utgjevinga. Garborg var som kjent både jærbu og europear, og han var snar til å plukka opp det nye i litteraturen. I tillegg var han ein banebrytande forfattar som sjølv skapte tradisjonar. Kolbotnbrev er eit overgangsverk, og blant mykje anna er boka og prega av impresjonisme og ekspresjonisme. Dette vil eg gå nærare inn på i denne delen av artikkelen. Her vil eg i større grad enn tidlegare nytta sitat frå Kolbotnbrev for å illustrera mine poeng.


Impresjonisme
Sjølv om omgrepet “impresjonisme” er diffust, så er det likevel nokre kjenneteikn ein kan leggja vekt på. Georg Brandes samanliknar naturskildringar i tekstar av brørne Goncourt med måleri, blikket er sentralt i litteraturen og målarkunsten. Forfattarane skal formidla eit inntrykk. Johs. A Dale seier det slik:

Grunnhåtten i impresjonismen er etter definisjonen den at kunstnaren gjev mest mogeleg uformidla att det han har teki mot gjennom sansane; vitet og ettertanken skal blande seg minst mogeleg inn. Sitt eige inntrykk av omverda skal han overføre til åskodaren eller lesaren. (Dale 1950, 103)

Garborg skriv om dei nye straumdraga i artikkelen “Den idealistiske Reaktion” i 1890 at det som gjorde eit stykke røyndomsskildring til kunst, var den personlegdomen som uttala seg, det temperamentet som gjorde seg gjeldande i kunstverket. Inntrykket vart kunsten sin gjenstand, ikkje “røyndommen”. Det viktigaste var at kunstnaren skildra det han kjende til. “- hvis man stræber at nå sit eget ideal, at fyldestgjøre sine fordringer til sig selv, så er man sand; det er den eneste regel, som kan gives.” (Garborg 1890b, 282)

Sven Møller Kristensen har gitt ein grundig analyse av impresjonistiske trekk i dansk litteratur i den perioden Kolbotnbrev vart skriven. Han meiner at det er ein glidande overgang mellom tidlegare periodar og impresjonismen. I naturalismen vil ein skildra røyndomen objektivt, men ein er alltid avhengig av korleis ein sjølv oppfattar røyndomen. Møller Kristensen meiner at ein forfattar kan fyrst og fremst formidla sine eigne inntrykk av tinga, resten må lesaren fylla ut sjølv. For naturalisten er det viktig å syna samanhengen mellom årsak og verknad; analysen er viktig. For impresjonisten er ikkje dette så sentralt. Medan naturalisten freistar å reprodusera tinga så nøyaktig som mogeleg, lar impresjonisten inntrykka strøyma over lesaren.

Eller man kan nøjes med at lade indtrykkene komme til sig, forholde sig passivt, uden forpligtelse overfor virkeligheden, uden analyse eller forarbejdelse, hvilket vil medføre, at indtrykkene gengives mere løst, blot sammenstillet, ofte kun i antydninger, overflaten af tingene, “la crème des choses”. (Møller Kristensen 1955, 21)

Arne Garborg sitt verk, Kolbotnbrev, har trekk frå begge retningane. Frå naturalismen har ein mellom anna detaljskildring av menneske og miljø, det dokumentariske (t.d.“Statens Regnskaber”) og det individuelle. Forfattaren sjølv seier han ikkje visste kva han skulle kalla seg, men at han inst inne visste korleis han laga bøkene sine. Men Garborg skreiv og i artikkelen “Den idealistiske Reaktion” (1890) at han trudde at me alle tenkjer meir eller mindre impresjonistisk. I artikkelen gjev han og uttrykk for at impresjonismen er eit slag seinare utvikling av naturalismen. Det er “virkeligheten set gjennem et temperament”.

Men Arne Garborg følgjer ikkje slavisk noka retning, han skapar sin eigen stil. I den tidlegare nemnde artikkelen om impresjonismen konkluderer han “(---)at skoler og anskuelser har meget lidet at sige. De har endt ved den gode gamle sats, som vel egentlig er den eneste æstetiske lov, der har almengyldighet: at enhver kunstner må skildre det, han kjender og elsker, og skildre det således, at han gjennem skildringen såvidt muligt tilfredstiller sig selv” (s. 281) Likevel kan ein peika på element av impresjonistisk stil og utforming hos Garborg, mellom anna i Kolbotnbrev.

Ser ein Kolbotnbrev under eitt, er skildringa av inntrykk sentralt. Særleg gjeld det naturskildringane. Garborg har særs mykje naturskildring med, meir enn det som var vanleg i dei tidlegare bøkene hans. Opphaldet på høgfjellet har nok vakt naturkjensla i forfattaren. Her finn ein og eit språk og ein stil ein kan setja i samband med målarkunsten. Som døme kan ein sjå på skildringa av soleglad:

Daa me kom glidande heimatt gjenom Sunde nordanum Holmen, glada Soli. Der ute i Vest, yvi dei sylvblaae Rundane, kveikte ho ein Allheimsbrand. Lengst nede eit Lag med skinande Grønt som eit glimande Metalskjold; yvi det grøne, og ikring det, Lag yvi Lag med straalande raudt, fraa blodmyrk Purpureld lengst nede gjenom linnare og linnare Gliming upp-etter, til dess heile det forunderlege Farge-Eventyr toppa seg av og folna burt i skjelvande fine Lilla-Litir og Violett-Skimmer; rundt om alt dette ei tett Rand av myrk, jønnblaa Himil. Me gjekk og stirde paa Syne og kunde mest ikkje tru paa det. ‘Den som var Maalar!’ segjer ho Hulda. ‘Ingin kann maale slikt,’ meiner eg. ‘Nei; og um ein kunde, vilde ingin tru det.’ ‘Dei vilde segja det var usant.’ – ‘Dei vilde segja det var Galskap.’ – ‘Slikt hev ingin sét paa denne Jord, vilde dei segja.’ – ‘Og det er sant. Stakkars Folk, som gjeng der nede i berre Graatt og aldri fær sjaa slikt. Nei, men hev du sét - ? Kva skal ein likne det med? Kva skal ein kalle det?’ ‘Me skal halde vaar Munn,’ segjer eg. ‘Dersom Shakespeare sat her i Aar etter Aar og saag paa det og vreid Heilen sin som ei vaat Fille til aa finne Samanlikningar og Ord … han vilde til Slutt kaste Pennen og gaa heim og drikke seg full’ – ‘Og endaa er det som det minte meg um noko … noko som eg hev sét eller tenkt meg …’ – ‘Kanskje minner det oss um den Verdi der me ynskjer aa høyre heime. Eg maa tenkje paa noko eg drøymde ihop daa eg var litin. Gud Faders Høgaltar i Himilrike tenkte eg meg soleis paa Lag.’ – (Garborg 1890, 72-3)

I dette sitatet finn me mange trekk som stemmer med det Møller Kristensen sette opp som kjenneteikn på impresjonismen. Her kjem inntrykka strøymande på, Arne og Hulda vert overvelda av ei rekkje fargeinntrykk. Me får eit inntrykk av korleis sola går ned gjennom ei skildring av det flotte fargespelet, fargane skiftar og me får ei inngåande skildring av alle nyansane. Garborg sa sjølv at han høyrde best med augo. Denne detaljrikdomen kan ein hevda høyrer naturalismen til, men den sterke fokuseringa på fargar og synsinntrykk er eit typisk impresjonistisk trekk. Dette er og noko som går igjen i heile Kolbotnbrev.

Som tidlegare nemnt er ynske om analyse eit trekk frå naturalismen, medan den passive samanstillinga av inntrykk er eit trekk frå impresjonismen. I dette tekstutdraget får me ei samanstilling av synsinntrykk. Ekteparet freistar å analysera dei og lurer på kva dei kan likna det med. Men dei kjem fram til at det ikkje kan analyserast, ein kan ikkje reprodusera det verken på lerret eller papir. Det einaste som kjem fram er ein assosiasjon til barndomsdraumar om himmelen. På den andre sida kan ein peika på at Garborg faktisk har reprodusert hendinga her, men det er jo likevel berre hans eige inntrykk av hendinga me får presentert. Så får me som lesarar fylla inn med eigen kjennskap til solnedgangar.

Bandet til målarkunsten kjem ekstra godt fram i dette sitatet. Forfattaren seier sjølv at ingen ville tru på det om dei hadde måla ein solnedgang som denne. Fargane er sterke og nøye skildra, ein kan sjå dei for seg. Men dersom dette hadde vore eit måleri, så ville nok det og ha vore i impresjonismen si ånd. Det viktige er dei synsinntrykka kunstnaren får i augneblinken, ikkje det ein tradisjonelt oppfattar som realistisk. Det er det Hulda og Arne meiner at folk vil klaga på, at ingen har sett slikt før. I Kolbotnbrev generelt er det fleire passasjar med skildring prega av eit kunstnarblikk. Det er særleg i naturskildringane dette kjem fram, og mindre til dømes i dei politiske skildringane. Ein stad i boka samanliknar Garborg fjella med kunstverk:

Og Himilen lyfter seg frostblaa og høg; det er so klaart at ein ser Furugreinir teikne seg filigranfint paa den luftblaae Grunnen milelangt burte. Og Aasar og Fjell stig fram i den snø-ljose Dagen som modellera, i alle sine fulle breide Formir og i alle sine fine faste Drag; det er ikkje Flatur lenger; alt er Lìkam, Runding, Plastik; det er kvite veldige Gudekunstverk meisla for Ævords Tidir. (Ibid, 71)

Dette sitatet tar eg med som døme på at ein finn impresjonistiske trekk i Kolbotnbrev. Sitata eg nyttar, er sjølvsagt plukka ut nettopp med dette for auge. Dette er eit mangfaldig verk, og som tidlegare nemnt, finn ein og trekk frå naturalismen.

Ekspresjonisme
Eg vil og sjå om ikkje ein kan finna enkelte ekspresjonistiske trekk i verket. Omgrepet ekspresjonisme er som impresjonisme noko diffust, som så mange andre litterære omgrep, men nokre fellestrekk er det råd å peika på.
Ekspresjonisme vert kalla “uttrykkskunst”. Kunsten skal med andre ord uttrykkja noko, det skal komma innanfrå. Kunstnarar innan denne retninga ville målbera oppfatningane og kjenslene sine, meir enn å gje ei framstelling av den verkelege verda. Ein freistar ikkje å få med alle detaljar, som i naturalismen, og ein freistar heller ikkje å ta med den eine, karakteristiske detaljen, som i impresjonismen. Målet er å finna den forma eller den fargen som kan syna sinnsstemninga til kunstnaren, utan omsyn til korleis motivet ser ut for andre.
Resultatet er ei form som byggjer på utettervend demonstrasjon av indre kjensler. Det er ofte kjensler som angst, einsemd og isolasjon som vert formidla. Skildringa av den ytre røyndomen skulle vevast saman med diktaren si sterke kjenslemessige oppleving av tilværet. Kunstnarane innan denne retninga la vekt på dei indre kreftene; kreativiteten og fantasien. Det var dei sterke kjenslene som stod i sentrum; ofte angst og redsle, men og sterk glede. Ein la ikkje vekt på det realistiske i skildringa, men på intensiteten og det uforfalska. Kunstnarane hevdar det individuelle eg sin absolutte eksistens og trongen til uhemma å gje uttrykk for tankar, kjensler og stemningar.

Eller eg vert galin. Det kann gaa fort slikt, naar Heilen er so utmødd som min er no, og ein i det heile hev lite aa staa imot med; det kann koma som ein Styng, som ein vond Tanke … ein ser ei skræmeleg Syn; sèt i med eit remjande Skrik; flyg galin yvi Benkir og Bord; slær sund, riv sund; er i Livs Naud; triv Øks eller Kniv; Rakekniven; vil verja seg; høgg, skjer, drep; slær Kløane i Barken paa Folk og trur ein kverkjer ein Trollkatt… (Ibid, 129)

Her skildrar Garborg ei kjensle, ei sinnsstemning. Han skildrar det ikkje sett utanfrå og det er ikkje ei nøytral skildring av faktiske hendingar, men dette er korleis han som subjekt oppfattar denne kjensla. Dette er heller ikkje noko som faktisk skjer, men noko han er redd kjem til å skje. Måten dette vert framstilt på er særeigen; språket er oppstykka, febrilsk, når ein les det, gjer forma at rytmen vert rask, ein vert nærast andpusten av å lesa det. Dette gjev lesaren ei forståing av korleis dette vert opplevd av den skrivande. Forma, uttrykksmåten, gjev oss innblikk i den kjensla teksten skildrar. Denne tekstbiten er altså eit døme på at kunstnaren finn den forma som kan syna sinnsstemninga til kunstnaren, utan omsyn til korleis motivet ser ut for andre. Det viktige er ikkje å gje ei framstilling alle kan kjenna seg igjen i.

Ekspresjonismen rekna seg for å vera ein reaksjon på naturalismen og impresjonismen. Ein skulle altså ikkje lenger samvitsfullt gje att verda, men si eiga oppfatning av ho. Fenomen i naturen kunne så å seia få sitt eige liv. Det er eit samspel mellom naturen og mennesket, mellom landskap og sjel. Det er døme i teksten på besjeling av fenomen i naturen; fjell husar Rundekongen og Tronfjell-Gygri (Garborg 1890, 128), den svarte furua og den ljose bjørka vert til gamle ungkarar og unge møyar (Ibid, 63). Det er fleire døme på at forfattaren les ting inn i naturen. Men og abstrakte indre fenomen kan få liv via personifikasjon:

Det snikjer seg ei Kaldrædsle yvi meg. Eg tenkjer paa henne, men kann ikkje tenkje i Samanheng. Tankane vert fælne; rømer ifraa kvarandre og søkjer ihop att; driv som Skyine deruppe; sprengjest; samlar seg i myrke, tunge Flokar som kastar djupe Skuggar nedyvi Heilen min. (Ibid, 59)

Fargar spelar ei viktig rolle i ekspresjonismen, så vel som i impresjonismen. Kolbotnbrev er som nemnt ein tekst fylt med fargar. Stemningar vert skildra gjennom opplevinga av fargar og fargenyansar. Etter denne skildringa av kaldredsla, skildrar Garborg naturen kring seg på denne måten:

Austhimilen svartnar og svartnar; alle Skiftingar av svart er der: ljost graasvart, tungt graasvart, likkisteblaasvart, havgrønt-blaasvart; eg saag aldri slikt. Men fraa Nordvest stend det liksom ein Ljoske, ein uhugeleg, unatturleg Ljoske; det er ikkje skin av Sol og ikkje av Maane; det er som Himilen attum Skylaga stod i Brand. Slike fargar var det i mine rædde Barndomsdraumar um Domedag. (Ibid, 60)

Opplevinga av fargespelet vert her nytta til å streka under ei kjensle hos forteljaren. Det er ikkje berre ein detaljrik og nøyaktig reproduksjon av synet, inne i skildringa ligg forteljaren sine kjensler. Dei mørke, dystre fargane gjev uttrykk for ei mørk og dyster sinnsstemning. Fargane minner han om dommedag. Ein kan seia at fargane i seg sjølv får ein meiningsberande funksjon.

Konklusjonen av denne analysen vert at Kolbotnbrev ber preg av ekspresjonisme. Dette gjeld ikkje alle delane av verket, men utdrag. Det er spesielt når sterke kjensler er i fokus, at forma og innhaldet går over i det ekspresjonistiske.


Avslutning
Målet med denne artikkelen var å presentera nokre av dei resultata eg har komme fram til i mi lesing av Garborgs Kolbotnbrev. Resultata vart kort sagt litt av alt! Mine mistankar haldt stikk, dette er eit verk for komplisert til å setja i bås. Men det syner i alle fall at Arne Garborg jo var ein radikal forfattar med essayistisk kraft og sansen for sanning som retorisk verktøy. Og grensa mellom fiksjon og sanning, skjønnlitteratur og sakprosa er i beste fall flytande..


Litteraturliste
Brøyn, Tore. 1990. Tre brev og fire billetter. Alexander Kiellands brev lest på en ny måte. Hovudfagsavh. Bergen: Nordisk institutt, Universitetet i Bergen.
Dale, Johs. A. 1950. Studiar i Arne Garborgs språk og stil. Oslo: Aschehoug.
Garborg, Arne. 1924. Dagbok 1905-1923, bind I. Kristiania: Aschehoug & co.
Garborg, Arne. 1890b, utg. 1998. Den idealistiske Reaktion – Ny-Idealisme. “Hanna Winsnes’s kogebog” – og andre artiklar. 271-285. Oslo: Aschehoug.
Garborg, Arne. 1894. Fjellbrev. Utg. 1985, A. D. Østigaard. Oslo: Aschehoug.
Garborg, Arne. 1890. Kolbotnbrev og andre Skildringer. Bergen: Mons Litlére.
Garborg, Arne. 1954. Mogning og Manndom. Brev I, II. Utg. Johs A Dale, Rolv Thesen. Oslo: Aschehoug.
Johannesen, Georg. 1977. Holberg og essayet. Ludvig Holberg: Essays, utg. Kjell Heggelund: 26-42. Oslo:
Mork, Geir. 1989. Den reflekterte latteren. På spor etter Arne Garborgs ironi. Dr. philos.-avh. Oslo: Universitetet i Oslo.
Møller Kristensen, Sven. 1955. Impressionismen i dansk prosa 1870-1900. Med et tillæg om stilutviklingen efter år 1900. København: Gyldendal.
Obrestad, Tor. 1991. Arne Garborg. Ein biografi. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.
Thesen, Rolv. 1939. Arne Garborg. Ein diktar og hans strid. Oslo: Aschehoug.
Time, Sveinung. 1992. Om sjølvframstilling i essayet som skrift – med Garborg og Montaigne som eksempel. Leve og skrive. Artikler om livshistorier, utg. Lisbeth Mikaelsson og Idar Stegane: 109-119. Bergen: Senter for humanistisk kvinneforskning, Universitetet i Bergen.
Østigaard, Arne (Dag). 1970. Arne Garborg og Kolbotnen. Veien tilbake til det tapte riket. Hovudfagsavh. Oslo: Nordisk Institutt, Universitetet i Oslo.




Ragnhild Reiso har no eit vikariat på Arna gymnas, og underviser i norsk, engelsk og historie i VK1 allmennfag.


NOTER
(1) Mi grunngjeving av dateringa er følgjande: i originalutgåva er denne teksten ein del av det tredje brevet som er datert 25. Mai 1889, på Tuften sin eittårsdag. Teksten har då inga eiga datering, men får i 1909 overskrifta “November”. Eit avsnitt lenger ute i teksten byrjar med “No er det november”, det kan ha spela inn. Det er eit år sidan siste brevet, februar 1888, og Garborg fortel at det er mykje som har hendt det siste året. Han fortel kronologisk om hendingar frå det siste året: “det vart juli”, “det vart september” og når han kjem til november går han over til presens. Det er og her at skildringa vert meir intens og uhyggjeleg. Det er i femte brevet Garborg skildrar “Pan-skræmsla, skog-støkken” (Garborg 1890, 112). Min tese er då at Garborg vel å dela det tredje brevet i to delar, og legg til ein nyare tekst i mellom som brev fire. Men det femte brevet er framleis skrive i mai 1889, og det handlar om november 1888. Skildringa av dei dårlege nervane og ”Pan-skræmsla” er altså skriven ned i ettertid, og kan såleis ikkje ha vore det direkte utgangspunktet for avreisa til Tyskland. Dette vil likevel ikkje gje ein idyllisk slutt, som Mork peikar på. I originalutgåva var ikkje det fjerde brevet der, og breva vert avslutta med Pan-støkken. I private brev frå denne tida er det ikkje ting som tyder på at han har hatt spesielt dårlege nervar i denne perioden. Det er og mogeleg å lesa inn ein viss sjølvironi i teksten, og eit visst ludisk preg, sidan dei voldsomme overdrivingane kan gje inntrykk av distanse. Det er mogeleg at Garborg tar med i brevet, skrive i mai 1889, ei skildring av eit anfall i november året før, for å syna korleis det kunne vera der oppe i einsemda. Kanskje er det og slik at då han valde å ta med teksten som vart det fjerde brevet, såg han at den passa best før skildringa av anfallet, i høve til innhald og intensjon. På den måten kan lesaren framleis tydeleg sjå samanhengen mellom helsa og avreisa til Tyskland.

(2) m.a. brev til Ola Hansson 23/6 1890; Garborg 1954, 251