Samtidskunst i Jæren Meieri
Bryne 10.6.–31.7.2001
Geir Egil Bergjord
Per Inge Bjørlo
Åse Ljones
Mari Slaattelid
Gunnar Torvund




FØREORD (frå utstillingskatalogen)
Av Jens Erland

«Ein kunstnar, som duger, skal me vyrda jamsides med anna godt folk, og er han framifra, skal han ærast deretter. Men eg bøygjer meg mykje djupare for ein god skomakar enn for ein halvgod kunstmakar, og det veit eg, at eg da visst hev alle kunstnarar med meg på.»
Frå « Inga diktardyrking» 1895


Utstillinga i juni 2001 er meint som ei hylling til ein nybrotsmann som er ein av dei fyrste naturalistane her til lands, i fyrsten ei kontroversiell kunstretning. Det høver difor a æra Garborg med ei utstilling som viser utfordrande, nyskapande, ukonvensjonelle sider av kunstlivet, med ein høg, profesjonell profil. Bruken av dei rå, uforedla industrilokala i Jæren Meieri, med sin visuelle karakter, ser eg på som ei kunstnarleg ytring i seg sjølv, i høve til Garborg og bondesamfunnet. Tematisk ser eg det fruktbart med ei fri, open, kanskje indirekte tilknytning, dette i samsvar med det synet Garborg i 1894 uttrykka i «En tak til herr Collin».

Tittelen på utstillinga - G! - er tiltaleforma i brev fra vennen Steinar Schjøtt.


Dette er idegrunnlaget som gjekk ut til dei fem kunstnarane, vel eit år far utstillingsopning. Alle svara ja, og for meg som prosjektansvarleg har det vore ei udelt glede a arbeida med så profesjonelle kunstnarar.



les
EN TAK TIL HERR COLLIN, (et utdrag) av Arne Garborg




G!
Idé og prosjektleing: Jens Erland
Arr.: Time Kommune og Bryne Kunsforening