Ein, tvo, tri ... skulde eg prøva den råda lel? Eg var rædd det kunde koma til å turvast. Eg hadde drukke øl som ein tysker, men var reint orvak like godt, vak som ein hane på morgonkvisten.
Ein kunde prøva. Berre tvinga seg og halda på. Halda på, um all verdsens tankar kom. Idiotisera seg. Når ein berre heldt på til ein somna, so.
Eg leet att augo og gav med til å telja.
Ein-tvo-tri, ein-tvo-tri, ein-tvo-tri, ein-tvo-tri
So kjem han luskende, ein-tvo-tri , upp dei myrke tropperne, ein-tvo-tri; han stiltrar seg hit til døra, ein-tvo-tri; gjev seg til å lirka og lirka, ein-tvo-tri, med låsen, ein-tvo-tri; han set ryggen imot; no klemmer han på, klemmer på, stilt, men fast; døra gjev seg, låsen gjev seg; »qui vive!!« (Garborg, 2001, bind 9:17)
|
|