Denne artikkelen vil i hovudsak byggje på hovudfagsavhandlinga mi Arne Garborg. Mellom det tradisjonelle og det moderne i Kudaheibrev. Eg har freista å vise vanskane skiftet mellom det tradisjonelle og det moderne førte med seg for mange, etter den industrielle revolusjonen kom til Noreg. Desse vanskane finn me i Garborgs bok Knudaheibrev, der han syner oss problema via sine personlege røynsler, for så å utvide til det sosiale- og nasjonale perspektivet. Det er særskilt bøndene si stilling me får innblikk i, og det er ikkje så rart, då han tek oss med tilbake til Jæren for å sjå moderniseringa og framstega.



Arne Garborg voks opp på Jæren i ei vanskeleg tid. Pietismen fekk overtaket hos mange, og far til Garborg var ein av desse. Det var ikkje lett å leve saman på garden; tungsinnet og den ekstreme religiøsiteten rådde. Garborg var odelsgut, men skreiv frå seg garden til fordel for bøkene. Dette gjekk hardt inn på faren, og han trudde det var Gud som straffa han. Då Arne Garborg var på Holst seminar, fekk han melding om at faren hadde teke livet sitt. Denne hendinga har han sjølv kalla det mørkaste i livssoga si. Han gjekk resten av livet sitt med ei skuldkjensle for dette, og blei plaga med dårleg samvit.

Garborg ser på historisk utvikling som ein strid mellom samfunnsklassar og historisk tidvende som endring i makttilhøva mellom klassane. For Garborg syntest det å vere så at det gamle bondesamfunnet åtte ein fred og ein harmoni som ei ny tid hadde kome og skipla. Han skildrar heimen til bymannen som noko anna enn heimen for bonden: For bymannen er heimen der han kan setje sine møblar, for bonden er det noko meir. Det er ein fast bustad på eigen grunn for han og ætta hans gjennom tidene.

Oppløysingsprosessen i bondesamfunnet vårt har skapt mange vanskar for Garborg. Han voks opp nettopp då omforminga av det gamle bondelivet for alvor tok til. Og dei særskilde tilhøva i barndomsheimen hans kom til å streke under motsetninga mellom det gamle og det nye, slik at konflikten blei skarpare og meir personleg enn han ellers ville blitt. Bøndene er på ein særskild måte bundne til jorda, og riv dei seg laus frå denne livsgrunnen, ”får me alltid ein stans eller stur i voksteren”, sa Garborg sjølv ein gong.



Knudaheibrev (1904) blei motteke som ein sjølvbiografi, og blir rekna som sluttsteinen i den eigne bokproduksjonen til Garborg. Boka inneheld tolv store brev daterte over ein periode på tre år: Fyrste brev 22/05-1899, og siste brev 02/07-1902. Mottakaren av breva er namngitt, nemleg Steinar Schjøtt, ein god ven av Arne Garborg. Dette kan vere eit eksempel på at han nyttar sanninga som eit retorisk verktøy. Sjangervalet i denne boka er ikkje berre konfliktfritt, då ho inneheld drag frå fleire ulike sjangrar. Sjangrar som brev, dagbok, essay og sjølvbiografi er sentrale i den diskusjonen. Me kan sjå Knudaheibrev som ein nasjonal-, sosial-, og sjølvbiografi med innslag av sjanger som dagbok og essay, skriven i ei brevform. Viktig er òg det at me finn innslag av saklege preg og dokumentarinnslag. Brevforma er nytta som ei kunstform, for m.a. å få ein opnare dialog med lesaren, og forfattaren står friare. At det er ein type ”biografi” tykkjer eg er rett å seie. Garborg startar i byrjinga av boka med sjølvbiografiske skisser, men utvidar dei meir og meir til å gjelde for heile nasjonen, og ikkje minst for bøndene.

Knudaheibrev er eit meisterverk ikkje berre som sakprosa. Dei meisterlege skildringane som inneheld både lyrikk og høgprosa, vitnar om at det òg er eit skjønnlitterært verk. Avslutninga til Knudaheibrev er prosalyrikk i særklasse, og kan samanliknast med dei beste naturskildringane i Kolbotnbrev. Sjangervalet til Garborg har noko med samfunnstilhøva å gjere, at diktarevna døydde er ikkje det rette å konkludere med.



I Knudaheibrev minnest Garborg liv og levemåte i heimen frå tidleg barndom med særmerkte drag frå naturhushaldet, då garden var ei økonomisk eining, stort sett med sjølvberging. Ei tid som på mange vis minte om ”det store hamskiftet” då ”dei åt av same sekken og drakk av same bekken”. Han skildrar innearbeid ved kola med spinning og ymist førefallande mannsarbeid. Tankane går til køyreturane til jærstrendene der dei henta sand til golvstrøying, og som må ha gjeve han sterke naturinntrykk til skildringane av havet. Det er i det heile eit innsyn i harmonisk og triveleg familieliv.

Breva fortel mykje om det samansette og spaningsfylte forholdet han hadde til Jæren. Han kjenner seg både heimkomen og framand på same tida. Men han såg ikkje alltid lyst på framtida. Han såg at den økonomiske utviklinga styrkte dei krefter og tendensar han frykta mest: Kapitalismen, industrialismen, byveksten og utvandringa til Amerika.

Knudaheibrev skildrar det nasjonale problemet i Noreg. Garborg skildrar Jæren og minne frå barndomen og den fyrste ungdom. Han går frå det personlege biografiske til tidshistorie og samfunnshistorie. Det er ein sosialpsykologisk studie i det gamle norske bondesamfunnet, og møte med den nye tida. Det er eit kulturfilosofisk verk, der Garborg gjer greie for sine nasjonale og religiøse idear.

Han er komen tilbake til gamle trakter etter fleire lange opphald i utlandet og andre stader i Noreg. Han har bygt eit sommarhus i Knudaheio, og tek oss med på ei vandring på Jæren og omland. Denne vandringa blir ei slags samanlikning mellom det gamle og det nye. Mykje har skjedd sidan han var i desse traktene sist. Tidene har endra seg, og det merkast på Jæren som andre stader. At endringane er så store i heimetraktene til Garborg, synest han i fyrste omgang lite om. Han er ikkje berre oppteken av Jæren, men set endringane i eit nasjonalt perspektiv òg. Det er faktisk heile landet som er råka av moderniseringa. Garborg identifiserer seg med natur og miljø i Knudaheibrev. Han kjenner seg att i kvar detalj i land og lende, og han trivst med å møte att kjende og tidlegare vener. Dagdraumar bar han på som gutunge, om at han skulle nå høgt og langt her i livet. Det står i sterk kontrast til den blyge og smålåtne vaksne mannen.

Garborg har med si erfaring opplevd at det ikkje berre er å reise frå heimen sin, og vil dele si oppleving med resten av folket. Han appellerer til bøndene om ikkje å reise frå bygda si, og spinn heile tida på det å finne ein identitet. Garborg vil gå ned til folket og lyse veg med denne erfaringa. Han seier at det du ein gong har kasta i frå deg, er ikkje lett å ta att.



Identitet er eit sentralt omgrep når me står overfor ei modernisering, og nettopp det å finne sin identitet i all denne frustrasjonen er det Garborg prøver på i Knudaheibrev. Grunnen til at mykje av vekta blir lagd på modernitet og identitet, er at det er viktige og sentrale emne i dag, som den gong. Det er ikkje eit utdøyande tema, snarare tvert om eit meir og meir sentralt tema.



Garborg opererer på fleire plan for å vise vanskane overgangen frå det tradisjonelle samfunn til det moderne samfunn har ført med seg. Han startar på det personlege planet, for å utvide til det sosiale og nasjonale planet. Det geografiske aspektet er viktig hos Garborg, både metaforisk og materielt, og det underbyggjer vanskane han har med å halde seg til det moderne.

Han legg for dagen ein mothug og skepsis til alt som har med turisme og turistar å gjere, her som i Kolbotnbrev. Turistar er framandelement i heimekulturen og minner om den urbanismen som han prøver å frigjere seg frå. Han får ikkje vere i fred, for turistane er overalt. Og dei er i allefall der ein ikkje vil ha dei:

”Det er den største Lykke ein i desse Tidir kann naa: aa finne ein Bustad som er trygg for Farafanten. Eller for Turistflugo, um du so vil.” (S. 134)

Han kallar turistane for ”Farafanten” som syner oss kor lite han har til overs for den aukande turismen. Han nyttar negativt ladde ord for å overtyde oss om ”problemet”. ”Flugo” er innpåsliten og vanskeleg å bli kvitt, slik det òg blir med turistane.

Dyre- og fugleskildringane har ei vidare meining enn berre å vere naturskildringar; dei har ein sosial bodskap òg. Han skryter over buskapen, og samanliknar han med buskapen frå si eiga tid på Garborg. Det kunne ha vore den same, han er av gamle slaget; søkjer heim. Dette er eit bilete på den førkapitalistiske samdrifta på gardane. Men fridomen frå gamle dagar er gløymd:

”Markine hev vorti inngjerde. Fyrr var her fritt og vidt; Buskap fann Grannebuskap, og der vart mykje Kjenskap. No er det Stengje og Steingjerde all Stad, so skrale dei er; og fraa Vaaren av er det Gjætarar. Kvar litin Buskap vert upplærd til aa halde seg i si eigi Mark. Og det lærer dei alle, og saknar ikkje Fridomen.” (S. 141)

No er det handelsjordbruket som har teke overhand, og det er ein negativ tone som rår. Garborg meiner at folket tilpassar seg for lett denne nye tida. Det er for liten motstand, dei orkar ikkje å kjempe imot. Garborg si haldning er ikkje å ta feil av. Han er ikkje nøgd med utviklinga. Gjennom skildringa av buskapen syner han oss at det er menneska han snakkar om. Folk har blitt meir opptekne av kva som er sitt, og det har blitt kaldare mellom grannar. Før kjende alle kvarandre, og hadde eit godt forhold til kvarandre. Dei måtte ikkje gjerde inn eigedomar for å markere noko, slik som no dei nye driftsmåtane krev det. Nei, denne nye tida gjer at me mister fridomen, både folk og fe. Livsvilkåra blir rett og slett hardare.

Garborg går hardt ut mot kapitalismen som er med å skape den nye tida. For å få synet sitt klårt fram nyttar han fuglemetaforar. Jæren har vore kjend for sitt rike fugleliv, og Garborg set stor pris på det. Enno er det fugleliv på Jæren, om ikkje som før. Ein kan skimte det positive ei lita stund, men det negative tek igjen overhand:

”Engelskmennar og By-Dagdrivarar hev tynt ned den meste Fuglen; og Kraaka stèl Egg og ét Fugleungar alt det ho vinn.” (S. 142)

Kråka er her eit bilete på kapitalismen som rår over menneska i denne framgangstida. Jæren er òg i framgang:

”Glad er Kraaka. Ho røvar og stel og priser Nordmennane og Stortinge av Hjartans Grunn; hurra, hurra, hurra, segjer Kraaka. Og ho lìver godt. Ho vert feit og stor, og økslar seg og vert mangfeld paa Jordi. Kraaka er det einaste Fugleslage som er i Framgang no; og stygg og stor-étande og praktisk som ho er høver ho utifraa til denne Tjuve- og Spekulant-Tid. Ho raar i Fugleheimen som Kapitalisten i Manneheimen.” (S. 142-143)

Kapitalismen er det same som ufridom for folk flest, han er undertrykkjande, og folk godtek for mykje. Institusjonane tener ikkje folket, men kapitalen, meiner Garborg.



Garborg kjenner seg trygg når det ikkje er for store endringar. Det er trygt at vinden blæs som før, blir det stilt, blir han uroleg. Han kjenner seg heime når det blæs, det er det han er van med frå Jæren. Vinden blir eit bilete på den trygge heimkjensla, det trygge som var før alt det nye tok overhand. Dette underbyggjer konflikten mellom det gamle og det nye. Mykje ved det moderne er vondt for Garborg å svelgje, så han held så godt han kan på det gamle og trygge.



Den tragiske hendinga med faren, - det myrkaste i livssoga hans - sleppte aldri taket i Garborg. Skuldkjensla vaknar. Han kjem inn på faren som mista garden ut av ætta, og tok sitt eige liv. Garborg lever opp att vonløysa hans. Det var hans skuld at garden gjekk or ætta. Han ville heller ut og reise enn å gjere "plikta" si, odelsgut som han var. I ei av dei fyrste dagbøkene sine fortel han korleis han fekk to av sambygdingane med seg til kyrkjegarden for at dei kunne syna han grava til faren. Dei førte han til ei attgrodd grav som låg samansigen på midten ytst ved kyrkjegardsmuren, og meinte det var der faren låg.

Denne skuldkjensla som Garborg bar med seg, og som med alderen blei meir og meir medviten hos han, har nok hatt stor innverknad på personlegdomen hans, og på alt arbeidet hans gjennom livet. Skildringa då sonen vraka odelsgarden, fortel ikkje berre soga om Arne Garborg og faren, det er ei soge som likså godt kunne hende på andre gardar på denne tida då det gamle bondesamfunnet og den gamle ættesamanhengen tok til å rakne:

”Ættetanken er slokna. Det som var av Adel i oss døyr; no er det berre Kaupmanns-Tid og Næringsdriving. Sogudaamen, Skaldskapen yvi Bondelive, Adelen hjaa Odelsmannen, er burte. Odelsmennane gjev Herredomen fraa seg.” (S. 151)

Her er det ikkje sjølve utviklinga som er galen, sorga har vel heller noko å gjere med at det ikkje er noko alternativ som er betre.

Grunna den moderne samfunnsorden blir individet rive ut av den sosiale tryggleiken, som det tidlegare hadde stønad i. Derfor må individet sjølv skaffe seg ein identitet. I tillegg til at sjølvmordet til faren er ei vond hending for Arne Garborg, blir det eit bilete på farsfråveret i det moderne samfunnet. Igjen viser han oss at det lokale kan overførast til det nasjonale. Det er sjølve farsinstansen som er fråverande i identitetsproblemet til Garborg. Moderne sjeleliv kan skildrast i høve til den subjektive opplevinga av mangelen. Denne mangelen kan vere t.d. faren, som i dette høvet.



Garborg sitt syn kjem tydeleg fram. Den nye tida har gjort det slik at me ikkje tek vare på kvarandre lenger. Det er kapitalen som rår, og det fører til at me ikkje bryr oss om kvarandre på same måten som før. Det viktigaste er pengar. Overgangen frå sjølvberging til pengehushald har ført til mykje negativt.

Alt tilgjort og uekte har han berre spit og ironi til overs for. Jfr. hans stikk til sandnesbuen, som talar jærmål, men har teke til å knote (døme: ”spisa”). Frå ferdene til andre delar av fylket under opphaldet i Knudaheio får han inntrykk av og tilgang til jamføring og vurdering. Dei gamle verdiane blir berre bytte ut mot nye ”fjollete” ting. All denne nye stasen fører med seg at folk kjenner seg framande, og utflyttinga held fram.



Arne Garborg var svært oppteken av målsaka, og han kjempa i ei årrekkje for å få eit norsk mål i staden for dansk eller dansknorsk. Det var viktig for han at folket og nasjonen skulle vere heilt norsk, og ikkje underlagt ein annan nasjon. Var dette tilfelle, var det særs viktig å halde på vår eigen kultur, språk og heimkjensle. Denne bodskapen om å halde saman mot alt det ”framande” kjem godt fram i nettopp Knudaheibrev.



Garborg sleit i tider av barndomen og i ungdomen med tilhøvet til kristendomen. Han tykte den etter kvart førte med seg for mykje alvor, og lite gildt i heimen. Det blei vanskeleg å forhalde seg til den strenge pietismen som meir og meir tok overhand i heimen på Garborg. Faren blei som kjent sterkt gripen av denne mørke pietismen, og heile huslyden fekk kjenne det på både kropp og sjel. Folk var redde for ikkje å gjere det rette, for då kunne dei kome til helvete, og dei leid vondt av dette. Garborg fortel om denne vendinga i Knudaheibrev, og me ser at det har mykje å seie for mange av dei emna han tek opp: skulen, heimen og målsaka. Han skriv og at han sjølv sleit i dei tider då han ville prøve å omvende seg. Garborg ser seg sjølv som omskapt i denne tida. Han ”hev vorti tagall for rødall, og drøymin for djerv, og gruvlesjuk for glad og tiltaksam.” (S. 230) Garborg fortel om rådet han fekk hos syskenbarnet sitt, om korleis han skulle koma gjennom all den lesnaden om Guds ord. Jau, han skulle sitje stille og sjå ”sundagsleg” ut, men inni seg skulle han tenkje på andre ting, og det så hardt at lesnaden kom bort frå han. Det var berre det at Garborg tenkte så hardt på andre ting at faren skjøna det.

Når Garborg tenkjer tilbake på denne ”Gudsords”lesnaden, så forstår han at prestane hadde stelt seg klokt med sitt danske kyrkjemål:

”Dette Maale hev med sin framande Tone og sitt heile uheimslege Lag vori for Bonden noko paa Lag som den gamle Kyrkjelatinen. Og at Gud, som andre Storfolk, tala annarleis enn me Bøndar, det var daa ein sjølvsagt Ting. At bonden skulde kunna skyna Vaarherre betre enn han skyna Skrivaren og Futen, var ikkje rimelegt. Yvi det dimme, halvtydde Kyrkjemaale lagde det seg daa noko av den Æventyrtonen som eit so høgt Ord maatte hava etter den gamle halvkatolske Bondetanken; og det kunde daa aldri bli kravt, at ein i vanleg Meining skulde ’skyna’ Gudsord.” (S. 201)

I dette verket får ikkje det monumentale spele med i naturskildringa som i Kolbotnbrev , men han tek det att i dagboka. Der er han gripen av alt i jærsk natur, jamvel det som kan synast stygt, er for han vakkert. Om ikkje Garborg slo opp det store lerretet og la dei sterke fargane på paletten i naturskildringane i Knudaheibrev, så kunne i andre samanhengar kontrasten bli sterk og nyansert. Han var vâr for dei minste ovringar og brigde i naturen, og hadde ein fint registrerande sans for ulike vertypar. På det verharde Jæren fekk han rikeleg høve til å oppleve storm og regn. Som i Kolbotnbrev hadde han stor sans for dei dramatiske uversskildringane.

Det meste av det gamle, tradisjonelle er skildra positivt. Han held fast på det, og vil ikkje sleppe taket. Men kva meiner han med ”det gamle”? Kan ein teknisk sett gå tilbake til det? Eller er det dei moralske kvalitetane som vantar i den nye utviklinga? Det gamle blir meir ein poesi, ein ideologi, kanskje?

Ein kan godt seie at Knudaheibrev viser ei utvikling i Garborg si haldning til det moderne. Den negative haldninga i byrjinga av boka mjuknar mot slutten. Han finn ut at framgangen og utviklinga ikkje er så galen likevel. Han ser at det nye fører med seg mykje positiv framgang på Jæren. Og trass alt er noko av det gamle teke vare på. Det er ei vakling mellom det tradisjonelle og det moderne me er vitne til.

I Knudaheibrev har Garborg ei usvikeleg, sterk tru på dei gode kreftene i folket. Frå det lokale ser han ut over til det nasjonale, ja, femner jamvel det skandinaviske. Den byggjande framtidstrua hans får ein universell undertone i pakt med vidsynet til europearen Arne Garborg.

Kvifor blei Knudaheibrev så optimistisk og mild trass i tidlegare opplevingar? Var det for å markere eit brot med den tid og eit nytt syn på Jæren og jærbuen? Eller var det for å forsvare seg mot kritikk av kjøp av tuft og bygging av hus der? Han får i alle høve synt kjærleiken til heimbygda og at han er blitt ”bonde” og har flytt heim att.



Opphaldet i Knudaheio kan ikkje ha vore så problemfritt som Garborg har valt å skildre det i boka. Grøftegravinga, som han er inne på , trong ikkje ha røynt han meir enn han tolte det. Det primitive livet i det enkle huset med minstekrav til mat og stell kunne ikkje freista andre enn den kravlause og smålåtne diktaren. Det er ikkje vanskeleg å skjøna at han ikkje fekk Hulda med seg. Når ho tykte han blei verande for lenge, sende ho han gjerne nokre godbitar (ein gong eit par ryper). Kom ho til Jærs, tok ho inn på Hiorths pensjonat på Ogna og bada i havet der. Det må ha vore eit heilt spesielt ekteskap, og ein kan skjøna henne då ho kjende det var vanskeleg å leve under same tak som ektemaken.

Sjølv gjorde ikkje Garborg det meir komfortabelt i Knudaheio, blyg og smålåten som han var. Ein gamal mann på Undheim kunne fortelje at då Garborg var i Knudaheio under fyrste verdskrigen, fekk han seg ikkje til å be sambygdingar om eit tilskot i matvegen. Var han ute og gjekk, og ein timebu kom køyrande og baud han skyss, kraup Garborg alltid opp i vogna og sette seg på baksetet. ”Han var så unnselege”, sa den gamle timebuen.

I slutten av Kolbotnbrev skriv diktaren at det er bonde han er. Med det kan han ikkje ha meint den tradisjonelle tydinga av ordet bonde, for han visste vél kor lite skikka han var for bondeyrket. Med den kjennskapen me har til det Garborg stod for, ligg det nær å tolke det som den kultur i den vidaste meining av ordet, som Garborg knytte til heimebygda og folket der. Det er ikkje den pietistiske rørsla som han kjende så vel frå barndoms- og ungdomstida, han har i tankane, og som heller ikkje har sloppe til i Knudaheibrev. Dei opplyste og kulturberande Time-buane må ha vore inspirerande og tent som ei motvekt til tidlegare såre og vonde minne og gjeve han tru på det gode og byggjande i livet.

Den kjende folkeminnegranskaren og historikaren, Torkell Mauland, hadde vore læraren til Garborg. Forfattaren og bladmannen Jon Line, presten, seinare biskop Peter Hognestad, var alle vener av Garborg. Litt eldre var Ingebreth Mossige, den fyrste ordføraren i Time. Frå 1845-60 var han stortingsmann og ein av dei fremste mellom bonderepresentantane.



Det ligg nær å tru at denne kultureliten, som inga bygd i Rogaland hadde maken til på den tid, må ha hatt sitt å seie for Garborg. Det dei stod for, må ha styrkt Garborg si tru på og vørdnad for heimleg kultur og vore ei verdfull motvekt til det pietistiske Jæren. Var det desse gjæve sambygdingane som styrkte Garborg i trua på det verdfulle i bygdekulturen, fekk han til å kjenne seg heime att, eller var det ei utvikling og mogning gjennom lengre tid som hadde fått han til å identifisere seg med heimbygda og det ho stod for? Kanskje begge delar. Det kan berre bli gissing, men noko må det vere grunn til å leggje i det.

I Knudaheibrev spelar Garborg med sordin. Han har funne den fred og harmoni som han så lenge har lengta etter. Tonen er logn og godlynt. Jamvel skildringa av det såre minnet då han fortalde faren at han ikkje kunne ta ættegarden, har her fått ein forsonleg og roleg tone, som står i kontrast til dei dramatiske skildringane dette oppgjeret har fått i fiktive framstillingar i andre delar av hans litterære produksjon. Garborg nemner fleire namn i Knudaheibrev som fell saman med personar som fiksjonelt er skildra i romanen Fred, eit persongalleri som fører tanken mot ein nøkkelroman.



Garborg vaklar mellom det tradisjonelle og det moderne i Knudaheibrev. Han er på leiting etter ein identitet til seg sjølv og til landet sitt. Frå å vere negativ til det moderne, og ha lita tru på ei løysing for folket i byrjinga av boka, blir han meir og meir positiv til meir han ser av framstega på Jæren. Han har til slutt tru på folket, og identifiserer seg meir og meir med det arbeidande folket (bøndene). Me ser at det sosiale- og nasjonale planet blir overordna det personlege, då det er samfunnstilhøva og bøndene som blir hovudpersonen, ikkje ”eg’et”. Garborg gjer seg til talsmann for ei heil samfunnsklasse sine interesser.

Kapitalismen, som kom som ei følgje av det moderne samfunnet, gjorde folk til ein økonomisk faktor. Garborg hadde problem med å godta mykje av det moderne, og valde å vere atterskodande for å finne svara han trengte. Han reiste tilbake til Jæren for å finne sin identitet.



Garborg fekk eit sjangerproblem, i det han oppdaga at dei tradisjonelle litterære formene ikkje lenger fungerte kritisk i den offentlege diskusjonen. Han tok difor i bruk sjangrar som essay, sjølvbiografi og dagbok. Fleire kritikarar har hevda at det var diktarevna som slokna og meinte at Knudaheibrev ikkje er dikting. I seinare tid har det kome fram at denne påstanden ikkje held, for ei bok som har så rike og fine person- og naturskildringar kan kallast dikting i høg klasse. Garborg nyttar verkemiddel og metaforar som utan tvil kan setjast i kategorien dikting eller skjønnlitteratur. Diktarevna var ikkje slokna, han viste henne berre på ein annan måte. Etter å ha sett Knudaheibrev i høve til sjangrar som brev, sjølvbiografi, dagbok og essay, har eg i avhandlinga mi kome fram til at det er innslag frå alle desse sjangrane. Boka har ei brevform, og inneheld tolv store brev skrivne til Steinar Schjøtt, men det er berre nytta som ei kunstform. Innhaldet er “biografisk” framstilt, men “biografien” er ikkje berre om han sjølv (sjølvbiografi), det er like mykje ein sosial og nasjonal”biografi”. Han let det personlege planet i byrjinga av boka utvide seg til det sosiale og nasjonale planet: Han talar for heile nasjonen.

Knudaheibrev er eit sentralt og viktig verk i Arne Garborgs produksjon. Det er viktig å halde interessa oppe for eit verk som har så mykje å seie for forfattaren sitt liv, og ikkje minst for samfunnsproblema i den tida.



Litteratur:

Garborg, Arne.1904. Knudaheibrev, Skriftir i Samling band VII, Aschoug Kristiania 1922, s. 123-320





MELLOM DET TRADISJONELLE OG DET MODERNE
Av Anne Kirsti Hellemo Bilsback