Da Arne Garborg vart mållaus
Av Audun Skjervøy


Kva om Arne Garborg hadde levd i dag? Ville han ha kasta seg over internett slik han kasta seg over dei friskaste europeiske ideane for hundre år sia? Ville det ha vore mogleg for han å leggje frå seg papiret og den velbrukte pennen, skru att lokket på blekkhuset og hive seg inn i det digitale kaoset? Og viss det no hadde vore mogleg for han å gå frå eiga tid og fram til vår – korleis ville han ha skildra det han såg?

Vel, eg har kanskje ikkje betre grunnar til å stille slike spørsmål enn at det er eit Garborg-år, og at Arne Garborg som forfattar og fri intellektuell så til dei gradar var med i samfunnsdebatten i si tid. Nettopp derfor er det moro å leike med tanken på kva Garborg ville ha sagt dersom vi flytta han til vår samtid.

Sannsynlegvis ville han ha blitt mållaus.

Dette kan nemleg vera ei kort oppsummering av kulturtilstanden i landet anno 2001:

- Dei rikaste mennene her til lands - og det er sjølvsagt mennene som er rikast - kjøpmennene Hagen og Reitan, skipper Røkke, spekulant Sveaas, fabrikkeigar Andresen jr., godseigar Løvenskjold, for å nemne somme, rår over økonomiske midlar som får det statlege kulturbudsjettet til å sjå ut som ein fluelort. Og dei vil ikkje dele med andre. Tvert i mot: Dei krev meir.

- Landets utanriksminister og stordelen av det politiske etablissementet har store vanskar med å ordleggje seg på ein forståeleg måte. Dei har rett og slett ikkje herredømme over språket... Diverre har ikkje språket herredømme over dei heller. Eller kanskje er det deira eigne tankar og mangel på slike som skaper rot?

- Mange av forskarane innafor det såkalla akademia slit med det same problemet. Dei forskar og forskar, meir og meir for kvarandre og mindre og mindre for oss andre. Dei har iallfall store vanskar med å fortelja oss om det.

- Nasjonalgalleriet har for lengst vakse ut av lokala sine, og problemet har for lengst vakse over hovudet på politikarane.

- Dei viktigaste teaterscenene dundrar frå det eine underskotet til det neste. Teatersjefane sparer, og politikarane sparer enda meir.

- Vi har så mange fjernsynskanalar at ingen lenger er sikker på talet. Likevel er ikkje program-mangfaldet større enn at dei interessante programma gjennom ei veke kan teljast på ei hand.

- Kvar laurdagskveld samlar norske familiar seg føre fjernsynet for å sjå på ein kvinneleg programleiar som er så frekk at ho fortel dårlege vitsar og gjer alt ho kan for å dumme ut politikarar som allereie har demonstrert dumskapen sin.

- Kvar kveld elles i veka set norske familiar seg føre fjernsyna for å sjå eit endelaust program om endelause intrigar ved eit hotell som ikkje finst. Barne- og familieministeren er så moralsk fortørna over programmet at det er like før ho er villig til å innføre sensurlover her til lands. Åndshovdingen som er såkalla redaktør for fjernsynskanalen, vil naturlegvis ikkje ha noka innblanding i den redaksjonelle fridommen.

- Kulturministeren oppnemner ny styreleiar i ein av dei fremste kulturinstitusjonane her til lands - ein annan av fjernsynskanalane. Alt tyder på at styreleiaren ikkje har peiling på kultur, men det blir sagt at han har peiling på styrekultur. Og når styreleiaren endeleg finn ein kandidat til stillinga som kringkastingssjef, finn han ein økonomidirektør. Da var styret hans så gjennomsyra av ukultur at han ikkje såg anna utveg enn å gå.

- Arne Garborgs bøker kan aldri bli hovudbok i ei av dei største bokklubbane - berre fordi han har så totalt manglande økonomisk sans og så lita forståing for marknaden at han skriv på nynorsk.

- Ei jente frå Sørlandet - med det poetiske namnet Mette-Marit - som tilfeldigvis har møtt ein gut frå Asker - med det tradisjonsrike namnet Haakon (da dei døypte guten, hadde det diverre ikkje gått opp for dei kulturmedvitne foreldra at dobbel a vart bytta ut med å meir enn 50 år før guten vart fødd) - var frå hausten år 2000 viktigare enn alle andre saker til saman for den største avisa i landet. (Her må eg leggje til at foreldra også kan ha vore framsynte. Kanskje såg dei at med internett kom å-en berre til å bli ein klamp om foten - eller rusk i tastaturet? I så fall får eg berre orsake. På den andre sida: I andre saker har ikkje foreldra akkurat vist seg å vera blant dei mest progressive, så det skal litt til før eg orsakar.)

- Da eg nyleg var på internettseminar i regi av Norske Avisers Landsforening, der eg - nokså motvillig - er indirekte medlem, var det så mykje snakk om korleis ein kunne tene pengar, og så lite snakk om kva ein skulle tene pengar på, at eg gjekk etter lunsjen. Maten var nemleg god..

- Kulturfolket sutrar. Dei får for lite pengar, det blir skrive for lite om dei, dei blir for lite respekterte, folk flest les for lite, dei går for lite i teater, dei går for sjeldan på kunstutstillingar, dei engasjerer seg ikkje i politisk debatt, og iallfall ikkje i kulturdebatten, dei er for trongsynte, sneversynte, intolerante, vrangvillige, konservative; for lite opne, nysgjerrige... Ja, det er nesten så ein kan gå tom for ord av mindre.

- Og Fremskrittspartiet var nyleg det største poltiske partiet i landet. No har dei krangla seg ned til andreplass, og vi er mange som vonar at dei held fram med å krangle.

Jau, Arne Garborg ville nok ha blitt mållaus.

Men det er no, først når Garborg-en kunne ha komme seg over den verste målløysa, eg tek til å lure på om det er så ille - og om ikkje Garborg hadde sett like mykje som ville ha gledd han. For ein ting er at kulturfolket sutrar. Det verkar nesten som om det skal vera ein del av å vere eit kulturmenneske. Ja, ein del av det “samfunnsengasjementet” kulturfolk er oppdregne til å ha - iallfall fram til dei siste par tiåra av 1900-talet. Det er klart at vi gjerne vil ha meir når vi ser koss dei meskar seg, alle dei som har meir, og som ikkje vil dele med oss; dei som har som sitt fremste kulturuttrykk å ha ein Rolex på armen, eit par Jaguarar i dobbelgarasjen og ein båt på stas ved Aker brygge.

Ein annan ting er at Garborg hadde større grunn til å sutre enn det til dømes Kjartan Fløgstad har. (Og no har eg ikkje skrive at Fløgstad sutrar. Grunnen til at eg blandar han inn i dette, er at Fløgstad er stor i vår tid, som Garborg var det i si. Dessutan blir ikkje Fløgstad lenger hovudbok i ein av dei store bokklubbane - berre fordi han skriv på nynorsk)

Men eg kan ikkje forstå anna enn at kulturen lever i beste velgåande - ja, han er nesten sprelsk. Ikkje berre nesten, heller. Han er sprelsk. Meir sprelsk enn nokon gong. Og det trass i at Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Gudmund Restad, og kva dei no heiter, dei tvillingane som bytest på å styre Finansdepartementet, har gjort sitt beste for å få oss til å tru at det som ikkje kastar pengar av seg, det kastar ikkje noko av seg. Det er mange som ikkje er dumme nok til å tru på slik bokføring.

Den som vil mette kultursvolten sin, får metta kultursvolten sin i dag. Aldri har kulturen hatt fleire offentlege rom å flyte rundt i. Aldri har det vore større breidd innafor skriftkulturen, biletkulturen, musikkulturen og alle dei kunstartene som kryssar desse uttrykksformene. Aldri har vel samfunnet tolerert fleire sære og streite, provoserande og keisame kulturuttrykk enn i dag. Avstanden frå Odd Nerdrum til Morten Viskum, frå Eldrid Lunden til Anne Karin Elstad, frå Andrej Nebb til Egil Hovland er stor.

Slik sett hadde nok Arne Garborg mykje større grunn til å sutre. Han gjekk svolten rundt i Kristiania. Han fraus. Han skreiv og skreiv og skreiv. Han sutra ikkje. Han slåst. Ikkje for seg sjølv, men for å betre samfunnet...

Kanskje kan ein like gjerne spørja om kulturfolket har fått det for godt. Så godt at det ikkje lenger gidd å slåst for samfunnet - akkurat som dei hine, dei med Rolex-ura, de veit.




Audun Skjervøy er ansvarleg redaktør i kultur- og vekeavisa Dag og Tid.
E-post: audun@dagogtid.no Webadresse: http://www.dagogtid.no/