SPEL (Play) - Eit spel i ei akt
Av Samuel Beckett
[print versjon]


Skriven på engelsk seint i 1962-63. Første gong framførd ved Ulmer Theater, Ulm-Donau, 14. juni 1963. (På tysk: Spiel.)

Dei som er med:

K1 - første kvinne
K2 - andre kvinne
M - mannen

Framme og midt på scenen, tett inntil kvarandre, står tre grå og like store krukker om lag ein meter høge. Frå kvar krukke stikk det opp eit hovud som sit fast med halsen i opningen på krukka. Frå venstre mot høgre, sett frå salen, er det hovuda til K2, M og K1. Dei ser urokkeleg rett fram under heile framsyninga. Andleta er så gamle og nedslitne at dei nesten ser ut til å vera ein del av krukkene. Men utan masker.
Dei snakkar berre når lyset frå ein kastar treffer dei i andletet.
Lyset går raskt frå eit andlet til eit anna. Det er nesten heilt mørkt når spelet byrjar. Det skal aldri vera nedkøyring til dette opningslyset, så nær som der det blir tilvist i teksten.
Personane snakkar med ein gong andleta får lys. Andleta er utan uttrykk heile tida. Røystene er monotone og livlause, så nær som når noko anna er tilvist.
Raskt tempo heile tida.
Når teppet går opp, er det nesten heilt mørkt. Det er så vidt ein kan sjå krukkene. Fem sekund.
Svakt lys samstundes på alle tre andleta. Tre sekund. Låge røyster, nesten umogleg å skjøne kva som blir sagt.

Saman: (Se til slutt i teksten om kor.)
K1: Ja, merkeleg, mørker best,
og di mørkare, di verre, til
alt mørkt, da alt vel, for ei
stund, men det kjem, tida
kjem, det er der, du vil sjå
det, vekk med deg, kom deg
vekk, alt mørkt, alt stilt, alt
slutt, sveipt ut ...
K2: Ja, kanskje, ein tanke blåst, trur
eg nokon vil seia, stakkars
deg, berre ein tanke blåst, berre
litt, i hovudet, (Låg, vill latter.),
berre ein tanke, men eg tviler på det
eg tviler på det, eigentleg ikkje, eg
er i orden, heilt i orden,
gjer det eg kan, alt eg kan ...
M: Ja, fred, meinte ein, alt slutt,
alt det vonde, alt som om ... aldri
vore, det kjem, (Hikkar.) orsak,
inga meining, å, eg veit ... likevel,
ein venta, fred eg meiner ...
ikkje berre heilt slutt, men som
om ... aldri vore ...
(Lys på alle ut, heilt mørkt. Fem sekund. Sterkt lys på alle andleta samstundes. Tre sekund. Vanleg stemmestyrke.)

Saman: (Se til slutt i teksten om kor.)
K1: Gi ho opp, sa eg til han ...
K2: Ein morgon eg sat og sydde ...
M: Vi var ikkje saman lenge ...
(Lys ut. Heilt mørkt. Fem sekund. Spotlys på K1.)

K1: Gi ho opp, sa eg til han. Eg bante og brukte dei verste orda eg kjende ...
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Ein morgon eg sat og sydde med vindauget ope, kom ho busande inn og fauk rett på meg. Gi han opp, skreik ho. Han er min. Bileta var snille med ho. Da eg no såg ho for første gong i kjøt og blod og full storleik, skjøna eg kvifor han heller ville ha meg.
(
Spot frå K2 til M.)
M: Vi hadde ikkje vore saman lenge da ho lukta lunta. Gi opp den hora, sa ho, elles skjer eg halsen over på meg, (Hikkar.) orsak, det sver eg på. Eg visste at ho ikkje hadde noko prov. Så eg sa at eg visste ikkje kva ho snakka om.
(Spot frå M til K2.)
K2: Kva er det du snakkar om? sa eg mens eg sydde i veg. Ein som er din? Kven er det eg skal gi opp? Det luktar deg av han, skreik ho. Han stinkar av tispe.
(Spot frå K2 til K1.)
K1: Eg let ein framifrå mann følgje etter han i fleire månader, men han fann ikkje eit einaste prov. Og eg kunne kje nekte for at han var like ... like god med meg som før. Dette, og den skrekken han hadde for alt som var berre platonisk, fekk meg no og da til å tru at eg kanskje mistenkte han med urette. Ja.
(Spot frå K1 til M.)
M: Kva er det du klagar for? sa eg. Har eg forsømt deg? Korleis kan vi vera saman på den måten vi er dersom eg hadde ei anna? Fordi eg elska ho som eg gjorde, med heile mitt hjarte, kunne eg ikkje anna enn å tykkje synd i ho.
(Spot frå M til K2.)
K2: Eg var redd ho ville bruke vald, så eg ringde på Erskine som viste ho ut. Det siste ho sa før ho gjekk, og som han kan vitne, om han enno lever og ikkje har gløymt der han kjem og går her på jorda og slepper folk inn og viser dei ut, var at ho ville gjera meg til hakkemat. Eg vedgår at ho skremde meg litt, den gongen.
(Spot frå K2 til M.)
M: Ho var ikkje overtydd. Eg burde ha visst det. Det luktar ho av deg, held ho fram med å seia. Eg kunne kje svara på det. Så eg tok ho i armane mine og svor på at eg ikkje kunne leva utan henne. Eg meinte det ... det er det verste. Ja, eg lyg ikkje. Ho let meg gjera det.
(Spot frå M til K1.)
K1: Og nettopp derfor ... kor overraska vart eg ikkje da han ein solskinsmorgon kom stilt inn til meg der eg sat sturen i soverommet og fall på kne og grov andletet ned i fanget mitt og ... tilstod.
(Spot frå K1 til M.)
M: Ho fekk ein kar til å følgje etter meg, men eg tok ein liten prat med han. Han sa kje nei til litt dobbelt-betaling.
(Spot frå M til K2.)
K2: Kvifor gjer du kje slutt på det, sa eg, da han tok til å ynke seg over heimelivet sitt. Det er jo heilt klårt at det ikkje er noko mellom dykk lenger. Eller er det det?
(Spot frå K2 til K1.)
K1: Eg vedgår at det første eg kjende, var ei slags undring. For eit mannfolk!
(Spot frå K1 til M. Han opnar munnen for å snakke. Spot frå M til K2.)
K2: Noko mellom oss, sa han. Kva tek du meg for? Ein eller annan slags maskin? Og med han var det sjølvsagt ingen fare for noko ... åndeleg. Så kvifor gjer du kje slutt på det? sa eg. No og da lurte eg på om han budde saman med ho fordi ho hadde pengar.
(Spot frå K2 til M.)
M: Det verste var scenen dei hadde hatt. Eg kan ikkje ha ho busande inn her og truge med å ta livet av meg, sa ho. Eg må ha sett ut som eg ikkje trudde på ho. Spør Erskine, sa ho, dersom du ikkje trur meg. Men ho trugar med å ta sitt eige, sa eg. Ikkje ditt? sa ho. Nei, sa eg, sitt. Vi hadde mykje moro med å gjera dette klårt for kvarandre.
(Spot frå M til K1.)
K1: Så tilgav eg han. Kva gjer ein ikkje av kjærleik! Eg nemnde noko om ein liten ferietur for å feire, til Kanariøyane eller vår kjære Riviera. Han såg bleik ut. Heilt sjuk. Men det var ikkje mogleg akkurat da. Forretningsavtalar.
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Ho kom att. Spaserte rett inn. Søt som sirup. Sleikte leppene sine. Stakkars liten. Eg sat og stelte neglene mine med vindauget ope. Han har fortalt meg alt, sa ho. Kven han, sa eg mens eg filte i veg. Og kva for alt? Eg veit kor vondt du må ha det, sa ho, og eg såg innom for å seia at eg ber ikkje noko agg til deg. Eg ringde på Erskine.
(Spot frå K2 til M.)
M:Så vart eg redd og fortalde alt. Eg hadde sett korleis ho vart meir og meir desperat. Ho gjekk med barberblad i veska. Åtvaring til dei trulause: Hald kjeften!
(Spot frå M til K1.)
K1: Eg var nøgd med at det heile var over, og svært skadefro. Berre ei simpel tøyte. Kva hadde han sett i ho når han hadde meg?
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Neste gongen han kom, hadde vi ein scene. Eg trudde eg skulle døy. Han fortalde kvifor han hadde vore nøydd til å fortelja henne. Altfor risikabelt, sa han, og så vidare i den duren. Det ville seia at han hadde gått tilbake til ho. Tilbake til ho der!
(Spot frå K2 til K1.)
K1: Oppblåse puddingfjes, føflekkar, hengjeleppe, dobbelthake, oksenakke, patter lik ei ...
(Spot frå K1 til K2.)
K2:Han berre dreiv på. Eg høyrde ein grasklippar, ein gammal handklippar. Eg bad han halde opp og sa at kva eg enn hadde av kjensler, så hadde eg ingen dumme trugsmål å koma med - men heller ikkje nokon hug til smular frå henner bord. Det gav han litt å tenkje på.
K1: Legger som ei skurekjerring ...
(Spot frå K1 til M.)
M: Da eg kom att, visste ho alt. Ho såg (Hikkar.) ... ulykkeleg ut. Orsak. Ein eller annan tosk som klipte plenen. Ruste i veg, om att og om att. Problemet var korleis eg skulle få ho til å tru at eg ikkje hadde ... teke opp att ... noko intimt. Eg fekk det ikkje til. Eg burde ha visst det. Så eg tok ho i armane mine og sa at eg kunne kje leva utan henne. Eg trur kje eg kunne.
(Spot frå M til K2.)
K2: Den einaste utvegen var at vi reiste vekk saman. Han svor vi skulle så snart han hadde fått orden i forretningane sine. I mellomtida skulle vi halde fram som før, så godt vi kunne, meinte han.
(Spot frå K2 til K1.)
K1: Så var han min att. Berre min. Eg var lykkeleg. Eg byrja å syngje. Verda ...
(Spot frå K1 til M.)
M: Heime berre kinn mot kinn, ein ny vår og ingen snø frå i fjor. Eg møtte gamlekjærasten din, sa ho ein kveld på puta. Gudskjelov at du er ferdig med ho. Kvifor seier ho det no, tenkte eg. Ja, eg er det, sa eg, eg er det, skatten min. Helvetes kvinnfolk. Takka vera deg, sa eg, engelen min.
(Spot frå M til K1.)
K1: Så byrja det å lukte ho av han att. Ja.
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Da han slutta med å koma var eg førebudd. Meir eller mindre.
(Spot frå K2 til M.)
M: Så vart det for mykje for meg. Eg kunne kje lenger ...
(Spot frå M til K1.)
K1: Før eg kunne gjera noko var han borte. Det tydde ho hadde vunne. Den førkja! Eg kunne kje ta det. Eg låg sjuk i fleire veker. Så drog eg av stad til der ho budde. Døra var stengd. Huset var grått av rim. På bussen heim forbi Ash og Snodland -
(Spot frå K1 til M.)
M: Eg kunne kje lenger ...
(Spot frå M til K2.)
K2: Eg samla tinga hans og brende dei. Det var november og eld i peisen. Heile natta kjende eg lukt av tinga hans som brann.
(Spot ut på K2. Heilt mørkt. Fem sekund. Lys samstundes opp på alle tre andleta, halv styrke av det lyset som var. Tre sekund. Røystene tilsvarande lågare.)

Saman: (Se til slutt i teksten om kor.)
K1: Miskunn, miskunn ...
K2: Eg seier ikkje ...
M: Da denne endringa ...
(Lyset døyr ut på alle tre. Heilt mørkt. Fem sekund. Spot på M.)

M: Da denne endringa endeleg kom, takka eg Gud. Jau, eg gjorde det. Eg tenkte. Alt er gjort, alt er sagt, no sloknar alt saman ...
(Spot frå M til K1.)
K1: Miskunn, miskunn, tunga enno ute etter miskunn. Det kjem. Du har ikkje sett meg. Men du kjem til å gjera det. Og så kjem det.
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Eg seier ikkje at eg ikkje er vonbroten. Eg er det. Eg hadde venta noko betre. Meir fredeleg.
(Spot frå K2 til K1.)
K1: Eller kanskje du vil gå trøytt av meg. Gå ifrå meg.
(Spot frå K1 til M.)
M: Ned, alt går ned, ned i mørkret, no kjem fred, tenkte eg, trass i alt, endeleg, eg hadde rett, trass i alt, takk Gud, da denne endringa endeleg kom.
(Spot frå M til K2.)
K2: Mindre forvirra. Mindre forvirrande. Likevel ... eg likar dette betre enn ... det andre. Absolutt. Det har med seg stunder ein kan halde ut.
(Spot frå K2 til M.)
M: Eg tenkte.
(Spot frå M til K2.)
K2: Når du sloknar ... og eg sloknar ... Ein dag blir du trøytt av meg og sloknar ... for alltid.
(Spot frå K2 til K1.)
K1: Helvetes grålys.
(Spot frå K1 til M.)
M: Fred, ja, eg trur det, ein slags fred, og alt det vonde som om ... aldri vore.
(Spot frå M til K2.)
K2: Gir meg opp som ein keisam jobb. Går ut for å plage og klå på ei anna. På den andre sida ...
(Spot frå K2 til K1.)
K1: Kom deg vekk! Kom deg vekk!
(Spot frå K1 til M.)
M: Det kjem. Det må koma. Det er kje noka framtid i dette.
(Spot frå M til K2.)
K2: På den andre sida kan det bli verre, det er fare for det.
(Spot frå K2 til M.)
M: Å, eg veit sjølvsagt no at ...
(Spot frå M til K1.)
K1: Er det det at eg ikkje seier sanninga, er det det, at eg ein dag på eit eller anna vis endeleg får sagt sanninga, og så endeleg ikkje noko lys lenger, for sanninga?
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Kanskje blir du sint og set lyset på meg så sterkt og lenge at eg går frå vettet. Ikkje sant?
(Spot frå K2 til M.)
M: Eg veit sjølvsagt no at alt det der var berre ... spel. Og alt dette? Når skal alt dette ...
(Spot frå M til K1.)
K1: Er det det?
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Ikkje sant?
(Spot frå K2 til M.)
M: Alt dette, når skal alt dette ha vore ... berre spel?
(Spot frå M til K1.)
K1: Eg kan ikkje gjera noko ... for nokon ... no lenger ... gudskjelov. Så det må vera noko eg er nøydd til å seia. Skal seia hjernen arbeider ... enno!
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Men eg tviler på det. Det ville kje vera likt deg, trur eg. Og du veit eg gjer det eg kan. Eller veit du kje det?
(Spot frå K2 til M.)
M: Kan hende dei har blitt venner. Kan hende sorg ...
(Spot frå M til K1.)
K1: Men eg har sagt alt eg har å seia. Alt du let meg seia. Alt eg ...
(Spot frå K1 til M.)
M: Kan hende sorg har ført dei saman.
(Spot får M til K2.)
K2: Eg gjer sikkert same feilen som da det var sola som skein på meg, leitar etter meining der det kanskje ikkje er noka.
(Spot frå K2 til M.)
M: Kanskje dei møtest, og sit saman, over ein kopp med den grøne teen som dei begge likte så godt, utan mjølk og sukker, ikkje eingong ei skive sitron ...
(Spot frå M til K2.)
K2: Høyrer du meg? Er det nokon som høyrer meg? Er det nokon som ser meg? Er det i det heile nokon som bryr seg om meg?
(Spot frå K2 til M.)
M: Ikkje eingong ei lita skive ...
(Spot frå M til K1.)
K1: Er det noko eg skulle gjera med andletet, noko anna enn å seia noko? Gråte?
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Tru om eg er tabu? Nei, ikkje no, trur eg, no når faren er over. Det stakkars mennesket ... eg kan høyre ho ... stakkars menneske.
(Spot frå K2 til K1.)
K1: Bite av tunga mi og svelge ho? Spytte ho ut? Ville du da vera nøgd? Skal seia hjernen arbeider enno. Tør ikkje anna.
(Spot frå K1 til M.)
M: Møtest og sit saman, på den eine gamle kjære plassen etter den andre, og sørgjer saman, og samanliknar (Hikkar.) ... orsak ... gode minne.
(Spot frå M til K1.)
K1: Om eg berre kunne tenkje: Det er inga meining i dette heller ... ikkje det minste. Eg kan ikkje.
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Det stakkars mennesket som prøvde å forføre deg, kvar vart det av ho, tru? Eg kan høyre ho. Stakkars menneske.
(Spot frå K2 til M.)
M: Sjølv har eg alltid tykt best om Lipton.
(Spot frå M til K1.)
K1: Og det at alt fell, alt har falle i tome lufta, alltid. Ingen som spør om noko. Ingen som ber meg om noko. Aldri.
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Kan hende dei attpåtil tykkjer synd i meg, om dei kan sjå meg. Men aldri så mykje som eg i dei ...
(Spot frå K2 til K1.)
K1: Eg kan ikkje.
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Mens dei kysser dei sure kyssa sine.
(Spot frå K2 til M.)
M: Eg tykkjer synd i dei i alle fall, ja, samanliknar min lagnad med deira, om han er aldri så velsigna, og ...
(Spot frå M til K1.)
K1: Eg kan ikkje. Hjernen min greier det ikkje. Det får heller vera. Ja.
(Spot frå K1 til M.)
M: ... tykkjer synd i dei.
(Spot frå M til K2.)
K2: Kva gjer ein når ein sloknar? Siv snøgt gjennom ein sil?
(Spot frå K2 til M.)
M: Gøymer eg noko? Har eg mist ...
(Spot frå M til K1.)
K1: Ho hadde pengar, trur eg, enda ho levde som eit svin.
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Som å trekkje ein diger trommel ein brennheit dag. Slite med å få han til å rikke seg, kjenne at tippepunktet kjem nærare -
(Spot ut på K2. Heilt mørkt. Tre sekund. Spot på K2.)
K2: Gi opp, og ta til att.
(Spot frå K2 til M.)
M: Har eg mist ... det du vil ha? Kvifor gå ut? Kvifor gå ...
(Spot frå M til K2.)
K2: Og du tykkjer kanskje synd i meg og tenkjer: Ho treng til å kvile seg, stakkar.
(Spot frå K2 til K1.)
K1: Kanskje ho har teke han med seg for å bu ein stad det er sol og varme.
(Spot frå K1 til M.)
M: Kvifor slokne? Kvifor ikkje ...
(Spot frå M til K2.)
K2: Eg veit ikkje.
(Spot frå K2 til K1.)
K1: Kan hende sit ho ein stad, ved det opne vindauget, med hendene i fanget, og ser ut, ned mot oliventrea ...
(Spot frå K1 til M.)
M: Kvifor ikkje halde fram med å stire på meg i det uendelege? Det kunne hende eg tok til å snakke i ørska og (Hikkar.) ... kom fram med alt for deg. Or-
(Spot frå M til K2.)
K2: Nei.
(Spot frå K2 til M.)
M: -sak.
(Spot frå M til K1.)
K1: Ser ut, ned mot oliventrea og havet, lurer på kvifor han ikkje kjem, blir kald. Skuggar kryp inn og stel, gøymer alt. Ja.
(Spot frå K1 til M.)
M: Tenkjer meg at vi aldri var saman.
(Spot frå M til K2.)
K2: Er eg kanskje ikkje litt halvgal allereie?
(Spot frå K2 til K1.)
K1: Stakkars ho. Stakkars dei.
(Spot frå K1 til M.)
M: Aldri vakna saman, ein morgon i mai, den første som vaknar vekker dei to andre. Så i ein liten pram ...
(Spot frå M til K1.)
K1: Anger, ja, når det kneip, soning, eg bøygde meg, men nei, det ser kje ut som det er det det gjeld heller.
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Eg seier, er eg kanskje ikke litt halvgalen alt no? (Håpefull.) Berre litt?
(Pause.) Eg er kje sikker.
(Spot frå K2 til M.)
M: Ein liten pram ...
(Spot frå M til K1.)
K1: Mørker og stille var alt eg lengta etter. Vel, eg får litt av begge delar. Dei er eitt. Kanskje eg gjer enda meir gale om eg ber om meir.
(Spot frå K1 til M.)
M: Ein liten pram, på elva, eg kviler på årene, dei koser seg bak i båten, på luftputer ... laken. Driv med straumen. Slike draumar.
(Spot frå M til K1.)
K1: Helvetes grålys.
(Spot frå K1 til K2.)
K2: Litt galen. I hovudet. Berre litt. Eg er kje sikker.
(Spot frå K2 til M.)
M: Vi åtte kje kultur.
(Spot frå M til K1.)
K1: Lengt etter mørker ... og di mørkare di verre. Merkeleg.
(Spot frå K1 til M.)
M: Slike draumar. Dengong. Og no ...
(Spot frå M til K2.)
K2: Eg er kje sikker.
(Pause. Vill, låg latter frå K2, broten idet spot går frå K2 til K1.)
K1: Ja, og alt til stades, rett framfor deg. Du kan ikkje unngå å sjå det. Kom deg vekk. Eller bli trøytt.
(Spot frå K1 til M.)
M: Og no, når du er ... berre auge. Berre ser. Ser meg i andletet. No og da, no og da.
(Spot frå M til K1.)
K1: Trøytt av å leike med meg. Kom deg vekk. Ja.
(Spot frå K1 til M.)
M: Ser etter noko. I andletet mitt. Ei eller anna sanning. I auga mine. Aldri ferdig.
(Spot frå M til K2. Same latter som før frå K2, sloknar idet spot går frå ho til M.)
M: Berre auge. Inga sjel. Opnar og let seg att på meg. Er eg såpass ...
(Spot sloknar på M. Heilt mørkt. Tre sekund. Spot på M.)
Er eg såpass at eg blir ... sett?
(Spot sloknar på M. Heilt mørkt. Fem sekund. Svake spotlys på alle tre andleta. Tre sekund. Låge røyster. Mest umogleg å høyre kva som blir sagt.)

Saman: (Se til slutt i teksten om kor og reprise.)
K1: Ja, merkeleg osb.
K2: Ja, kanskje osb
M: Ja, fred osb.
(Stykket blir spelt ein gong til.)

M: (Avsluttar reprisen.)
Er eg såpass at eg blir ... sett?
(Spot sloknar på M. Heilt mørkt. Fem sekund. Sterke spotlys samstundes på alle tre andleta. Tre sekund. Vanleg stemmestyrke:)

Saman: (Se til slutt i teksten om kor.)
K1: Gi ho opp, sa eg til han ...
K2: Ein morgon eg sat og sydde ...
M: Vi var ikkje saman lenge ...
(Lys sloknar. Heilt mørkt. Fem sekund. Spot på M.)

M: Vi var ikkje saman lenge -
(Spot sloknar på M. Heilt mørkt. Fem sekund.)


TEPPE


Lys
Lyskjelda er ei, og må ikkje bli plassert utanfor scenen der ofra hennar held seg.
Den beste plassen for spotlyset er midt på rampen. Andleta får på det viset lys nedanfrå og frå kort hald.
Når det ein sjelden gong blir kravd tre spots til å lyse opp alle andleta samstundes, bør dei vera lik ein spot med tre hovud. Bortsett frå desse gongene bør det brukast ein enkel kastar, som sviv så raskt som mogleg frå eit andlet til neste.
Å bruke ein fast kastar på kvart andlet er ikkje tilfredsstillande, fordi den måten gir dårlegare uttrykk for ein spesiell inkvisitor enn ein enkel kastar som blir dreia frå andlet til andlet.

Kor
K1: Ja, merkeleg mørker best og di mørkare di verre
K2: Ja, kanskje ein tanke blåst trur eg nokon vil seia
M: Ja, fred meinte ein alt slutt alt det vonde
K1: til alt mørkt da alt vel for ei stund men det kjem
K2: stakkars deg berre ein tanke blåst berre litt i hovudet i hovudet
M: alt som om ... aldri vore det kjem (Hikkar.) orsak
K1: tida kjem det er der du vil sjå det
K2: (Låg, vill latter) berre ein tanke men eg tviler på det
M: inga meining å, eg veit ... likevel
K1: vekk med deg kom deg vekk alt mørkt alt stilt
K2: eg tviler på det eigentleg ikkje eg er i orden heilt i orden
M: ein venta fred eg meiner ... ikkje berre heilt slutt
K1: alt slutt sveipt ut ...
K2: gjer det eg kan alt eg kan ...
M: men som om ... aldri vore ...

Krukkene
Krukkene bør ikkje vera høgare enn ein meter. Det er derfor nødvendig at skodespelarane står i hol på scenen, eller er på kne under framsyninga i krukker som er opne bak.
Skulle dette vera umogleg eller upraktisk, bør skodespelarane stå på scenegolvet og krukkene vera mannshøge og stå lenger bak på scenen - den lengste skodespelaren bestemmer høgda, dei breiaste breidda på krukkene, som må vere jamstore. Skodespelarane bør ikkje sitja. Krukkene blir da for usannnsynleg breie.

Reprise
Reprisen kan vera ein nøyaktig kopi av originalen, eller den kan ha i seg element av variasjon.
Framsyninga i London (og i mindre grad framsyninga i Paris) valde desse avvika frå originalen:

1) Kort kor som byrjing av fragment av ein 2. reprise, varer til og med at K2 ler. (Ja, merkeleg - Ja, kanskje - Ja, fred - osb.)

2) Lys lågare i reprise og røystene lågare - etter eit skjema der A er høgste grense for lys og røyst og E lægste:
C: Første kor
A: Første delen av original
B: Andre delen av original
D: Andre kor i første reprise
B: Første delen av første reprise
C: Andre delen av første reprise
E: Kort kor
C: Byrjinga av ein andre reprise

3) Raskare replikkar i reprisen, jamn auking av tempo.

4) Endre rekkjefølgje av replikkar i reprisen i den mon det ikkje går ut over samanhengen og integriteten i rollene, til dømes: K1 K2 M K2 K1 M i byrjinga (etter kor) blir til K2 K1 M K2 M K1 osb., om ein vil.




Dette stykket er skrevet på engelsk i 1962-63. Det ble første gang fremført ved Ulmer Theater, Ulm-Donau, 14.juni 1963. På tysk: Spiel. Denne teksten er oversatt av Bjørn Endreson og finnes i Skodespel II, utgitt av Document Forlag i 1993. Som tidligere også har gitt ut Skodespel I med Becketts tidligste og mest kjente stykker.