A TOUCH OF SANDNES
Kjetil D. Brandsdal i samtale med Geir Egil Bergjord og Svein Inge Håland.
[print version]
LYDFILER DISCOGRAPHY

Midt på nittitalet dukka det opp nokre kassettar i platebutikkane i Stavanger/Sandnes området. Dei håndlaga omslaga var nummererte og hadde ingen informasjon om opphavsmannen. Musikken på kassettane kan beskrivast som radiojamming (forstyrrelsar på radiobølger eller radio ikkje heilt på stasjon) kombinert med trommemaskin, gitarriff og «found objects». Dette var den første utgjevinga til Kjetil D. Brandsdal, som i dag har ein imponerande fyldig diskografi både under eige navn og saman med Fibo-Trespo og Kjert Del Brondo Group. I fjor fekk han ein del merksemd då han varma opp for Jim O’Rourke og Thurston Moore på konsertane deira i Oslo.

Localmotives møter Brandsdal heime på Sandnes, kvelden før han reiser til Frankrike for å treffa kjærasten.

LOC – Kva var det som inspirerte deg til å gje ut desse kassettane i 1995?
KDB – Eg veit ikkje heilt. Eg trur eg kjeda meg ein del på den tida og satte i gang med det for å ha noko å halda på med. I byrjinga hadde eg ikkje så mykje utstyr, berre ein miksepult og mange kassettspelarar. Eg køyrde fire av kassettspelarane gjennom miksepulten og tok opp på den femte. Slik haldt eg på. Eg tok opp ting og høyrde på det etterpå. I grunnen var eg litt treg med å oppfatta at eg kunne gje ut ting sjølv.

LOC – Har du nokre nye utgjevingar på gang no?
KDB – Me har planlagt ein 10" med Kjertl Del Brondo Group i løpet av sommaren og eit selskap i USA skal gje ut ein split 7" med Noxagt og Fibo-Trespo.

LOC – Kven er Noxagt?
KDB – Det er meg. For eg har bestemt meg for å ikkje gje ut fleire plater som Kjetil D. Brandsdal. Eg er liksom ferdig med den "greia".

LOC – Betyr det at du har skifta stil?
KDB – Jaja, Noxagt er mykje meir rett på sak, medan Kjetil D. Brandsdal rota meir rundt og ikkje kom heilt til saka av og til. Eg er meir kresen på kva eg gjer ut no. Eg vil at folk skal høyra på platene óg.

LOC – Nokre av titlane dine er ganske fine. Oppfattar du dei som ein viktig del av musikken din?
KDB – Eg er opptatt av at det skal vera ein viss samanheng, men eg tenker eigentleg ikkje så mykje på det.

LOC – Kva med "A Touch of Sandnes"?
KDB – Det er jo ein konsept LP. Hehe.

LOC – Koleis fekk Thurston Moore og Jim O’Rourke tak i deg?
KDB – Moore sende meg eit kort etter å ha kjøpt den første plata mi. Då eg fekk kortet trudde eg det berre var tull. Det var ikkje før eg samanlikna signaturen med ein på eit Sonic Youth-cover at eg såg at dei var mystisk like. Moore ville gje ut plate med meg på selskapet hans Ecstatic Peace. Seinare så inviterte han meg til å varma opp for han og O’Rourke i Oslo.

LOC – Er det ikkje vanskeleg å bu på Sandnes, ein by som prøvar å setta seg på kartet med Sykkelbluesfestivalen, og samtidig gje ut alle desse platene?
KDB – Eh, jo det var et "stort prosjekt" å gå frå kassettane til å gje ut den fyrste LPen. Det billegaste var å ha kvit label og disco-cover, så derfor valgte eg det. Eg var óg redd for å sitta att med mange, så eg bestilte berre litt over hundre eksemplar. Størsteparten av opplaga mine blir ikkje selde i Sandnes. Folk eg kjenner, som bur andre stadar, hjelper meg å distribuera dei. Når eg reiser til Frankrike i morgon så tek eg til dømes med ei bunke singlar. Ellers så blir det óg litt postordre her og der. Eg høyrde forresten ei kjekk historie her om dagen. Ein kamerat av meg som bur i San Fransisco skulle gå innom ein platebutikk med den nye Noxagt singelen for meg. Butikkekspeditøren kjente navnet mitt og sa: "Å, han ja. Han sel me mykje av".

LOC – Ja, me las i det siste The Wire at du var på playlista til ein platebutikk i San Fransisco som heiter Aquarius. Blandt ein haug med obskure navn så var berre eitt me kjende, og det var ditt. Les du Wire forresten?
KDB – Nei.

LOC – Du er kreditert som produsent på ein 10" EP med Reidar Ewing som kom ut for ikkje så lenge sidan. Er produsentrolla ei rolle du kunne tenka deg å halda fram i?
KDB – Vel, Reidar spurde meg om eg ville ta opp sangane hans og eg sa ja. Eg kan meir om miksepultar og opptaksutstyr enn han, medan han kan laga sangar og det kan ikkje eg. Eg programmerte trommene for han og tok opp lyden. Det var i grunnen veldig kjekt. Eg kunne godt gjort meir av det om dei rette koblingane oppstod.

LOC – Lurer du på kva du held på med av og til?
KDB – Eg har ikkje gjort det på ei stund, men eg gjorde det før. Eg følte likevel at det hadde noko for seg for min eigen del. Etter kvart så begyndte eg å få respons på dei fyrste platene og då blei det jo kjekkare å halda på med óg.

LOC – På den siste singelen så er det mykje bass i forhold til dei tidlegare platene dine.
KDB – Ja, eg fekk låna ein bassgitar.

LOC – Så det er grunnen?
KDB – Ja.

LOC – Så dersom nokon lånar deg ein saksofon, så blir det mykje saksofon å høyra på den neste plata di?
KDB – Hehe,det kan godt henda det ja. Eg prøvar å nytta dei høva som oppstår.

Brandsdal tek fram eit utval av utgjevingane hans. Me studerar dei nøye, og kjøper nokre utgåver kvar. Heile intervjusituasjonen går etter kvart i oppløysing og med konsentrerar oss heller om å bla gjennom den fyldige og varierte platesamlinga til Brandsdal. Me høyrer på plater og praten går livleg om diverse utgjevingar, plateselskap og fargar på vinyl. Til slutt er det så seint at med må gå slik at Brandsdal får tid til å pakka før han skal legga seg. Før med går så avtalar med å treffa han att seinare i sommar for å ta ein "blind fold test" på han. (Me kjem tilbake til den i eit seinare nummer.)


LYDFILER

Noxagt – Blip drub
(føreløpig uutgitt kutt)
Noxagt – I don’t mind (frå Noxagt 7" EP)
Noxagt – Roboworld (frå Noxagt 7" EP)
Noxagt – Ass twerp (frå Noxagt 7" EP)
Kjert Del Brondo Group – Knaben (frå Kjert Del Brondo Group 7" EP)
Fibo-Trespo – Pertussis positiv (frå Sandnes/Stavanger 7" samle EP)

Kjetil D. Brandsdal’s TOP 5 juni 2000

1. Los Crudos – «Los Primeros Gritos»
2. The Locust – «The Locust»
3. Misfits – «Walk Among Us»
4. Alternative TV – «The Image Has Cracked»
5. Arbete och Fritid – div. LPer


DISCOGRAPHY
Records:
KDB 01 Kjetil D Brandsdal LP - 119 copies
KDB 04 KDB LP - approx. 200 copies
Huden min forsvant 7" (Induce) - 100 copies, one sided ep.
The Very Best Of... 7" (Boblador) - 200 copies. Nice piano work on the B-side
KDB/Fibo-Trespo split-7" (MykeDroner) - 310 copies.
Draalt/KDB split-LP - 100 copies.
Andreas Brandal/Brandsdal split-LP (Smalltown Supersound) - 20 copies, lathe cut.
KDB & Jan Christian Kyvik 7" (BWCD) - 300 copies
Rogalands Lydigste LP (Swill Radio) - 500 copies.
Kjetil D. Brandsdal LP (Ecstatic Peace) - scales the heights of his two 'classic' solo LPs
Kjetil D Brandsdal and Michael Tremel LP (Smalltown Supersound)

CDs:
KDB 05 CD version of KDB 01
Freedom Waaohwaaaoh (Corpus Hermeticum) - stuff from KDB 01 and 04. See info. here (link)
Rogalands Lydigste CD (Metal ArtDisco) + bonus tracks

Tapes:
Kassett Nr. 1 - Soon to be released as an LP
Kassett Nr. 2
Dobbelkassett - double
Morten Wenzel: Guitar Scriptures - Acoustic guitar
Kassett #3
Bonuskassett - Free with Kassett #3
Fleisch
Audio Cassette Tape Number Four
Du klager saa ofte/Life didn't go in circles - Rather boring
Metropolitan Pliice Forensic - Both tracks feature on KDB 02
KDB 02 Escapist Entertainment Vol. 1
KDB 03 Untitled - Black and white cover
KDB 03 Untitled - Colour cover
Untitled - Black cover
Social Change 1 & 2
Popper Tape
Elephantine/Next after the tenth

Fibo-Trespo (Sindre Bjerga & KDB) :
Fibo-Trespo MC
8.01% Action (Kylie Productions) MC
Middle Class Slobs Play Improv. (Kylie Productions) MC
Et Skritt i Riktig Retning 10" - 25 copies (?) distributed to friends. Transparent lathe cut.
Fibo-Trespo / Juicy Eureka split-ep 8" - 52 copies. Transparent lathe cut. - Please order from Popopdrops (Norway) or Eclipse (USA).
Sterilectrix / El Podr del Improv 7" (Sandnes)
Fibo-Trespo CD (Gold Soundz)
Fibo-Trespo/Phonophani 7" (Mint records) lathe cut
Fibo Trespo Ez Az Elektromos LPSmalltown Super Sound
Pertussiv positiv, track on Sandnes/Stavanger compilation 7" EP


Kjertl del Brondo Group (Sindre Bjerga, Paal Fjelde, Jan Christian Kyvik & KDB):

A Touch of Sandnes 2LP - really nice recordings with line notes on the sleeve.
Rock Machinery LP
Løgnen som drepte MC
Kjertl del Brondo Group 7" EP
Live at Bryne MC
Dry Star, track on Sandnes/Stavanger compilation 7" EP

The University Punx:
In Society! 7" (MykeDroner) - 300 copies
Cultural Politics CD (Krank)

Noxagt
Dynamikken i samfunnet CD
Noxagt 7" EP
What is up, track on Sandnes/Stavanger compilation 7" EP

Recorded and produced by KDB
Reidar Ewing 10" EP
Org (Espen Jensen): LP - Amazing church organ on the B-side.
Marit : Phidelma Phittephjes 7" (Boblador) - great bedroom guitar plucking.

Compilations
Sandnes/Stavanger compilation 7" EP, featuring Noxagt, Kulturetaten, Louise & Kate, Kjertl del Brondo Group, Fibo-Trespo, Shotguns, Nils Erga, Agur-K, Anfie, Hellfire




Vil du lesa fleire artiklar om Kjetil D. Brandsdal så skjekk denne linken: http://www.geocities.com/paalfjelde/kdbg.html

noxagt@hotmail.com