HUMOR MOT TULL
av Are Kalvø
[print versjon]


Eg levde ikkje før, så eg kan ikkje vere sikker på dette, men eg trur ikkje det er sant at humoren var betre før. Eg trur heller ikkje det er sant at humoren hadde meir innhald før. Eg er heller ikkje så sikker på om all humor på liv og død skal ha så mykje innhald.

For balansens skyld: Eg trur heller ikkje humoren er betre no. Men det er mykje meir humor no. Mykje god humor. Mykje sær humor. Mykje rar humor. Mykje skarp humor. Og mykje dårlig humor. Men først og fremst mykje humor som blir laga av folk som ikkje er flinke til å lage humor. Og då snakkar eg ikkje om dårlige humoristar. Då snakkar eg om alle dei som ikkje er humoristar i det heile tatt, alle dei som eigentlig driv med ordentlige ting, men som likevel står for mykje av humoren i Norge i dag. Politikarar og journalistar, for eksempel.

Mediefolk som skal presentere nye politikarar eller politikarar som har fått nye toppjobbar, er gjerne på jakt etter den litt artige vinklinga som gjer det heile litt annleis, og litt menneskelig. Dette går i stor grad ut på å få politikarane til å gjere ting dei ikkje kan og snakke om ting dei ikkje har greie på. Derfor alle TV-programma der statsministrar syng duett med Wenche Myhre. Derfor alle intervjua med barndomsvenner og fotballkameratar av nye statsrådar. Derfor så mange bilde av maktmenneske som vaskar opp, køyrer moped og speler badminton. Derfor veit heile Norge kva fotballag Kjell Magne Bondevik held med, medan berre eit fåtall veit kva han står for politisk. Fordi alle vil ha den andre vinklinga. Og fordi politikarane stiller opp.

Folk som lever av å snakke og skrive om alvorlige ting, synest gjerne dei må ha med litt humor for at det ikkje skal bli for mørkt. Derfor slår ankermannen i TV2-nyheitene og ankermannen i TV2-sporten ein liten vits til slutt i sendinga som for ein stor del handla om ei alvorlig flyulykke. Derfor avslutter ein gjerne spesielt tunge Dagsrevysendingar med ein kosereportasje om ein kanin på New Zealand som er glad i Coca-cola og femtitalsmusikk. Derfor er det ikkje ei einaste avisnyheit som er så alvorlig at ho ikkje kan kvikkast opp med eit skikkelig dårlig ordspel i overskrifta. Eller ei teikning. Ei tragisk historie kan bli rett artig dersom eit av vitna i ein rettssak har vore på TV og har eit teikneserienamn som Moskva-Marit.

Riktig komisk er det når ei avis først trykker bilde av puppane til Aqua-Lene på førstesida daglig og så trykker bekymra artiklar om kroppsfikseringa i samfunnet og skjønnheitsidealet vi presser på ungdommen.

Og riktig komisk blir det når ein kritiserer humoren for å vere innhaldslaus og holdningslaus, og kritikken blir presentert i ei momsfritatt avis med hovudoppslag som "Haakon var på shoppingtur".

Eg har sagt det før og eg seier det meir enn gjerne igjen: Når ei av Norges største aviser bruker fleire førstesider på å fortelje at ein norsk humorist har vist fram rumpa si i eit humorprogram på TV, så er det sjølvsagt langt større grunn til å vere bekymra for Norges største aviser enn for norsk humor.

Men kva skal ein humorist gjere då, når konkurransen frå dei som burde vere seriøse er så knallhard? Sagt på ein annan måte: Korleis parodierer du ein statsminister som gjer alt han kan for å parodiere seg sjølv heile tida?

Eit svar er sjølvsagt å la vere å forhalde seg til det, og berre tulle. Det er heilt greitt. Ikkje eit vondt ord om tull og tøys. Fleire av oss ler høgt og godt av humoristar som ikkje har andre mål enn å fjase og ha det artig, utan spor av djupare meining. Og det er det sjølvsagt ingen grunn til å skamme seg over. Då er det i det minste reint og uforfalska tull og tøys, ikkje tull og tøys som gir seg ut for å vere for eksempel politisk journalistikk eller samfunnskritikk.

Men dersom vi er samde om at det er greitt om i alle fall litt av humoren har ein hensikt utover det å tøyse, at i alle fall litt av humoren på ein eller annan måte er nyttig, kva då?

Då har humoren den fordelen at humoren kan brukast til å fremje samfunnskritikk og kommentarar frå ein heilt annan plass enn der samfunnskritikken vanligvis kjem frå. Denne fordelen kan humoren bruke til å også innta ein annan posisjon. I staden for å kommentere nyheitene om smykkesaka med fleire vitsar om Moskva-Marit, kan humoristane heve seg over både saka og dekninga av ho. I staden for å falle for fristelsen til å vitse om puppane til Lene Nystrøm, kan humoristane heve seg over både "nyheita" om silikoninnsprøytinga og dekninga av ho. I staden for å vitse om Orderud-saka, kan vi la vere å snakke om det. Det er nok av dei som snakkar om den saka som det er. Når alle som burde vere alvorlige berre tuller og tøyser, har humoristane sjansen til å ta alvoret frå dei andre. Så kan dei berre sitte der.

Og så kan statsministeren sjå kor morsomt det er å gjere seg til latter når ingen ler.




Are Kalvø har skrevet en rekke bøker med sterkt humoristisk tilsnitt, sist ut var en bok om Harry, en indre figur som finnes i forskjellig støpning i alle mennesker, mer som sjel å regne. Are Kalvø er fortsatt en hjørnestein i Norges viktigste satireprogram: Hallo i uken. Han var sammen med Ragnar Hovland medforfatter til revyen 1000 år og like blid, som gjorde knallsuksess forrige året.
are.kalvo@nrk.no