INDEX / TEMA / DEBATT / PROSJEKT / REDAKSJONEN / KONTAKT


TA MEG BAK - OG VRI
av Tore Grødem
[print versjon]


Enkelte ting tek eg i kvar dag – utan å tenka. Og ikkje gidd eg tenka, heller. Det er nok av saker eg må ta stilling til og tenka på. Politikarar irriterer meg. Enkelte dagar tek eg meg sjølv i å irritera meg over dei utrulegaste ting – som at ein må ha M i sløyd for å opna ein juicekartong. Eller det er ein låt eg høyrer på radioen, og så blir eg så provosert av at kvinnelege artistar må sjå ut som noko eg såg i tyske pornoblad i tenåra for å slå gjennom. Jeg fortjener det fordi jeg forlanger det. Og så kjøper eg slike plater.

I dag var alt bra.

Så lenge ting virkar og elles held seg roleg, er eg nøgd.

Det er når tinga ikkje virkar at dagen kan bli totalt øydelagt. Flatt batteri. Fuck it!

Eg oppdaga dørvridaren den dagen den gjekk til åtak på den dyre merkejakka mi. Koss kan eg bruka så muchos monetas på ei jakke? Ikkje sei det til mor – eller banken! Nok om det – ei lita flis av den vesle tappen som held dørvridaren saman hadde sklidd ut, og nå hang den der som ei dagsøydeleggarfelle for meg og ermet på jakken.

I nesten førti år har denne vesle sadisten venta på ein uvakta augneblink der den utan forvarsel kunne framstå som eit skrekkdøme på koss design påvirkar meg ein tidleg, grå fredag i februar. Dagen var sjølvsagt ikkje den same etter dette.

Til denne dagen hadde eg hatt eit godt forhold til desse fattigmanns masseproduserte, tyske, rimelege, metall- og plastikkdingsane. Som liten kunne eg ligga i timevis å observera Donaldtapeten eg var så kry over, høyra på regnet som tromma mot ruta i taket på femtitalshuset eg vaks opp i. Frå denne kremposisjonen hadde eg fritt utsyn til noko så interessant som dørvridaren. Ein psykiater kan muligens gje ei god forklaring på kvifor eg var så opphengt i slike små filleting. Men eg likte den.

I mangel av dyrt leiketøy – me måtte jo spaaaaara – var utrangerte modellar kjekke å ha som revolverar når eg grein meg til å vera Festus i Kruttrøykforestillinga vår. Den var og kjekk å ha – om ikkje så funksjonell – når eg hadde vasa vekk far sin hammar, og eg likevel bare måtte bygga hytte eller rennebil.

Er den ikkje fin?

Akkurat nå synest eg den er eit uttrykk for det beste med etterkrigstida. Eg får heilt Gerhardsen berre ved å stryka handa langsmed plastikken på baksida. Glatt og god, ei nær-kvardagsoppleving med ein eim av erotikk – ikke Gerhardsen, altså - med lukt av sundlesne Donaldblad og nysteikte rundstykke med heimelaga syltetøy på.

Likevel heilt til stades i eit nytt årtusen. Kvalitet treng ikkje vera så synleg. Låg Allessifaktor. Neppe ein piece of conversation og blotta for wow! – effekt.

Men så er dei beste venene heller ikkje dei du treng å skryta på deg.




Tore Grødem er lærer, journalist og reklamemann. Han er bosatt i Stavanger.
roaldm@hotmail.com