MANGO ELLER MONGO – om spelefilmen Mongoland
Intervju med Arild Østin Ommundsen og Gro Elin Hjelle

Av Geir Egil Bergjord

Den første spelefilmen som er produsert og innspelt i Stavanger er på veg. Nokre fleire økonomiske hinder må overstigast, men langfilmen Mongoland skal etter planen ha premiere til jul. Geir Egil Bergjord møtte regissør/manusforfattar Arild Østin Ommundsen og kreativ produsent/manusforfattar Gro Elin Hjelle ein kveld i september.


Geir Egil Bergjord: Kvar er Mongoland?

Arild Østin Ommundsen: Mongoland kan vera kvar som helst. Det har meir med kva slags folk som er der. Eg trur at du finn eit «mongoland» i alle byar.

Gro Elin Hjelle: Mongoland er vel ein mental stad óg. Ein stad du er inne i hovudet ditt. Ein stad der du er nesten lukkeleg. Som når du er på ein fest, men ikkje føler deg heilt med. Det er det som gjer Mongoland til ein litt skummel stad. Du kunne vore nøgd, men er det ikkje.

GEB: Kva slags folk er det du snakkar om, som befinn seg i Mongoland?

AØO: Folk som vil væra ein annan plass, eller være der dei er, men bare ha det litt annleis. Slik som ein bikarakter i filmen, rapparen Gary. Han har eit prosjekt som heiter «West Coast All Stars» der han prøver å samla alle rapparane i distriktet. Problemet hans er at det er litt lite å ta tak i der han er. Han skulle liksom hatt litt meir kriminalitet og urettferdighet å rappa om.

GEH: Eller oljearbeidaren Wayne som er britisk og kom til denne staden [Mongoland] for fem år sidan på grunn av ei norsk dame som han traff på eit friidrett-stevne i Bristol. Så blir det sjølvsagt slutt med dama, men han blir liksom berre verande. Han kjem seg ikkje vekk att og tilbake til England.

AØO: Det er det eg meiner med «sånne folk». Folk som seier dei burde reist til London og studert, men aldri kjem seg dit. Eller folk som seier «nei, nå må eg rydda litt i hagen her», men så blir det liksom ikkje noko med dei. Grunnen er kan henda at dei eigentleg trivst akkurat der dei er, og med ting slik som dei er. Dei klarer berre ikkje å sjå det og setta seg ned å sei; «fy faen så bra eg har det her eg er». I staden så går dei rundt og snakkar om ting dei føler dei burde ha gjort.

GEB: OK, men begrepet Mongoland, kvar kjem det i frå?

AØO: Det har me jo bare funne på sjølv. Me har jo brukt ordet «mongo» i årevis som eit utrykk. Slik som «det var heilt mongo» eller «eg satt der og følte meg heilt mongo». Før når eg og Pål [Jackman] satt i møte med t. d. reklamebyråer og ting byrja å ta av i feil retning, så pleide eg å senda «mongoalarm» som tekstmelding på mobiltelefonen til han, som eit signal om at ting gjekk i stå.

GEH: Pål og Nina [kjærasten til Pål] trudde forresten lenge at filmen skulle heita Mongoalarm…

AØO: Då eg fekk idéen til tittelen så syntes eg at det passa fordi det var å setta land bak eit begrep me brukte, slik at det blei ein stad. Det er óg ein måte å sei at handlinga ikkje foregår i Stavanger eller Rogaland. Mongoland er jo ein fiktiv stad. Samtidig er det eit «land» der alle som har vært innom, uansett kvar dei bur, vil kjenna att. Eller dei vil kjenna att karakterane. Sannsynlegvis så vil dei gå heim og klemma alle vennene sine etter å ha sett filmen. Du veit, det er i grunnen bare kjekke folk i Mongoland. Det er ikkje plass til kynisme og ironi der.

GEH: Tittelen er óg med på å fortella at filmen ikkje bare handlar om 2-3 stk, men om ei heil gruppe, eller eit heilt lite lag av befolkningen. Sjølv om handlinga er spunnen rundt ein ganske enkel love story.

AØO: Då eg i fjor haust føreslo å kalla filmen Mongoland så lo berre alle av meg, fordi dei syntest det var for drøyt. Mødrene våre trur sjølvsagt ikkje at me har kalla filmen noko så fælt som Mongoland, og les det som Molboland i staden.

GEH: Ja, eller Mangoland, eller Mongolánd med trykk på land. Me har forresten prøvd å setta opp ein definisjon på mongo i ordlista som ligg på nettsida vår: http://www.mongoland.net/

GEB: Hmm, love story ja. Kan de sei litt meir om handlinga?

AØO: Filmen byrjar med at ein av hovudkarakterane, Pia kjem heim til jul. Ho har vore borte eit halvt år og studert i utlandet. Eigentleg skulle kjærasten hennar, Kristoffer, blitt med då ho reiste, men han blei verande att under påskudd av at han heller ville konsentrera seg om bandet han spelar i. Dei skulle prøva å få platekontrakt. Medan Pia har vore borte så har Kristoffer utvikla ein slags nevrose mot å reisa nokon som helst stad. Då ho kjem tilbake, er det ingen som veit kvar han er. Han er søkk borte.

GEH: Pia er framleis glad i Kristoffer, så ho byrjar å leite etter han. På vegen dukkar bikarakterar og situasjonar opp…

GEB: Er det ein julefilm?

AØO: Handliga byrjar natt til 23. desember og utspelar seg i løpet av dagen fram mot, og i løpet av den årlege vennefesten vesle julafta. Bortsett frå mangelen på snø så er juletematikken mest ikkje oppe i filmen. Poenget er meir at jula er ei tid som alle har eit forhold til. Samtidig som det er ei tid med tradisjonar, ei viss forventning, og ei tid då ein treffer gamle venner igjen.

GEH: Du treng altså ikkje sjå filmen rundt juletider. Du kan sjå han kva tid som helst på året.

GEB: Eg har høyrt nokre historiar om julepynt…

GEH: Ja, festen i filmen er tatt opp heime hjå oss [Gro Elin og Arild var sambuarar under filminnspelinga og blei ektefolk i sommar]. Det resulterte i at me hadde julepynt i stova vår frå november og mest heilt fram til påske.

GEB: Juletre óg?

AØO: Ja

GEB: Med nåler?

GEH: Ja, edelgran, dei held på nålene veldig lenge.

GEB: Etter det eg forstår så manglar det ein del finansiering før filmen er klar for kino.

AØO: Filmen er så godt som ferdig klypt, men me manglar i underkant av 2 millionar kroner til diverse avgifter, lydmiks og direkte lab-omkostningar for å få den kino. Problemet vårt er at då me tok kontakt med spelefilmkonsulentane i Oslo for å søka om midler, så var det berre ei veke til me gjekk i opptak. I Noreg så er regelen at du må søka med manus og få godkjent det FØR du byrjar å filma. Får du støtte då, så får du finasiering til alt frå lønn til skodespelarar fram til ferdigstilling av filmen for kino.

GEH: Filmkonsulentane ropte altså stopp, men det hadde betydd at me måtte venta eit år, og det orka med ikkje. Så me satte i gang å filma likevel.

AØO: Me tenkte at dersom me lagar filmen ferdig, og det blir ein bra film, så er det lettare for konsulentane å forhalda seg til den, enn eit manus. Men desse reglane står der liksom, svart på kvitt. Så me har altså gjort ting i feil rekkefølge.

GEH: 2 millionar kroner er jo enormt mykje pengar for oss, men eit lite beløp i filmsamanheng. Det er sjelden at det blir laga film til under 5 millionar i Noreg. Detektor, som blir rekna som ein billig film å laga, hadde eit budsjett på 13 millionar kroner.

AØO: Me meiner sjølvsagt ikkje at me bør få støtte for det me har laga ein billig film, men på grunn av at det er ein bra film med mykje varm humor, som er laga med tanke på at folk skal kunne bli glade av å sjå han. Derfor meiner me at den fortener å bli vist på kino. Så langt har me fått utruleg bra respons frå dei som me har vist filmen til. Blandt anna distribusjonsselskapet Europafilm, Bergen Kino og Oslo Kinematografer som er veldig interessert i å setta opp filmen. Det strøymer óg på med støtteerklæringar frå folk i filmbransjen som har sett han, og meiner at den må på kino.

GEH: Så me ser på alternative finansieringsformer.

GEB: Er det OK å bu i Stavanger å laga film?

AØO: Eg trur at uansett kvar du bur så handlar det om å gjer det eller ikkje. Me har laga Mongoland med eit gammalt 16 mm kamera og to 800 Watts lampar. Det utstyret skulle det vera mogleg å få brakt til kva stad som helst i verda. Altså skulle det då vera mogleg å laga film kvar som helst.

GEH: Det er jo klart at meir pengar og fleire lampar og slike ting er jo med på å gjera det lettare å laga film, men blir det for mykje av det eine så blir det kan henda for lite av dei andre elementa som skal til for å laga ein god film.

AØO: Det er jo eigentleg eit ork å laga film. Dersom du har valget mellom å laga film og å la vera å gjera det, så må du tenka deg om eit par gonger. Me har jo på godt og vondt kasta vekk eit heilt år, der me har brukt all fritida på å ha dei jævla 800 Watts lampane heime i stova. Eg har vore sykemeldt fleire gonger avdi eg ikkje har takla det. Det er mykje arbeid å laga film, så eg trur du skal ha ei histore du verkeleg har lyst til å fortella før du set i gang.

AØO: Har du noko meir på blokka di?

GEB: Eh… nei, eller eg har noko om «Stavangerbølga»…

GEH & AØO: STØNN

AØO: Det er ei stor overdriving. Det er tross alt ikkje snakk om så mange filmar. Det blir bare dumt å kalla det ei bølge. Typisk at nokon på andre sida av fjellet kom på det.

GEH: Men det er jo flatterande så klart. Filmmiljøet her får jo mykje meir merksemd andre stader, enn her i byen. Det virkar som folk her ikkje heilt trur at med har laga ein spelefilm, eller dei trur i alle fall ikkje at den kan vera bra si den er produsert lokalt. Myndighetene her har heller ikkje skjøna kor utruleg bra reklame filmmiljøet har blitt for Stavanger.

AØO: Vegar Hoel, Stian Kristiansen, Erik Andersson og eg blei forresten invitert til Trondheim for å snakka om film på universitetet der. Der var folk veldig entusiastiske. Folk ville koma ned hit til Stavanger og sjå og greier. Me måtte bare sei: «Nei, nei, ikkje kom, det er ingenting å sjå». For det er det ikkje. Dersom desse «Stavangerbølgegreiene» skal kokas ned til noko som helst. Så er det bare at nokon i Stavanger midt på nittitalet hadde lyst til å laga film, og så satte dei i gang å laga film og tok problema etter kvart som dei oppstod.

GEH: Problemet andre stader er kan henda at folk slit ut entusiasmen sin på å senda manus att og fram til godkjenning. Me har liksom brukt entusiasmen til å laga film.

GEB: Er det noko de vil sei til slutt?

AØO: Mongoland er ikkje ein smal film, den er for alle, bortsett frå barn då, he he.

GEH: Ja, det er ganske mykje stygt språk i filmen, men ikkje vold – vel, det er litt vold,

AØO: Ja, det er bittelitt harmlaus vold.

GEH: Og så vil me ha tilbake jula.

GEB: Hæ

AØO: Jula er i ferd med å bli ødelagt slik som 17. mai. Den er på veg til å bli ei greie for barn. Me vil at jula ikkje bare skal vera for ungar og gamle tanter, men for dei mellom 20 og 43 år óg.

GEB: OK


Geir Egil Bergjord er medredaktør i www.localmotives.com