DIKT
av Roald Hellum Madland



TV-skjermen syner
ein mann i ein sofa
Han rører seg nesten ikkje
Foran han på bordet brenn eit lys.
Han sit heilt stille
og stirrar på oss.
Av og til klør han seg i hovudet
men han rører seg nesten ikkje.
I morgon kjem han til å strekkje
seg ut etter telefonen for å ringja nokon.
Det kan ein sjå på han.

*

Halsgropa er vakrast på heile kvinna.
Ikkje alltid, men oftare og oftare.
Vakre kvinner har vakre halsgroper
Ofte ømfintlege.
Må ikkje klemma for hardt.
Berre forsiktig kjærteikna.
Stryka dei ømt.
Det tek pusten frå dei.
Ho pustar ikkje lengre
Det er nok best at ho sett seg ned
der. stryk forsiktig. Ømfintleg.
Vakker. Mista pusten.
Sett seg ned. Legg henne ned.
Igjen. Best at eg legg henne ned.
Pustar ikkje lenger. Forsiktig.
Trur eg går no. best det. frisk luft
Ømfintleg. Tung å pusta i, tåka.
Går no. elva. gøymer meg i elva.
Best slik. Tung å pusta i, elva. Forsiktig.

*

På sett og vis trives jeg med myrvann
i brystet.
Her kjenner jeg grunnen.
Her hører jeg hjemme.

*

Kunne ha vært.
Kor vakre desse orda.

*

Stille.
Faen så stille.
Bare helikoptrene
& hjertet hennes.
Men faen så stille.

*

Og seertallene slo alle rekorder
da narren reiste seg fra stolen
og drepte bøddelen
med bare hendene.

*

Salme
frå ein sprengd høgtalar.
Regn i koppen attmed senga.
Aukande vind. Storm styrke.

*



Roald Hellum Madland er født 1979. Bosatt i Sandnes. Gjennomfører for tiden siviltjeneste ved Kulturmøllå i Sandnes. Diktene er utdrag fra en syklus med arbeidstittel "som vi klamrer til vinden", ennå ikke publisert.