KUNSTEN Å BU
LANGSAMT BLIR SANDNES MITT EIGE
av Solveig Aareskjold
[print versjon]


1.
For at folk skal greia å leva saman, må dei ta omsyn til einannan, stiga til sides for einannan, halda tilbake kjensler og impulsar som kan verka uheldig inn på fellesskapen. Den som alltid må gi uttrykk for kva ho føler her og nå, eller tykkjer det er ein menneskerett å klabba til alle han ikkje liker trynet på, er lite eigna for varig samliv i heim og samfunn.
Så i og for seg er det ikkje det minste rart at sjølvkontrollen i blant tek overhand. For ikkje å risikera å støyta nokon, vågar ein aldri vera oppriktig. For å vera heilt sikker på at ein ikkje tilfører skade på andre menneske, legg ein seg ned og er dørmatte. Der ligg ein og tenker med seg sjølv at du skulle bare visst kva eg kunne gjort dersom eg ikkje var så snill og beskjeden.
Til sine tider toppar det seg i reine kretsmeisterskap i beskjedenhet, der det blir gitt poeng for dårleg kroppshaldning, mumlande røyst og vikande blikk.
Å leva i Stavanger-Sandnes-regionen, er stadig å bli ufrivillig påmeldt i slike konkurransar.

2.
Det som er fint her, er at ein kan rekna med å bli behandla høfleg og vennleg. Men det er òg det heile. Ideen om at alt er og bør vera enkelt og koseleg, gjer at alt går i ball straks der skjer noko som ikkje er det. Forklaringa på alt vondt i verda blir at her må der ha vore nokon på ferde som ikkje var enkle og koselege nok.
I og for seg er det sjølvsagt heilt sant, for hadde bare alle vore enkle og koselege, ville alt vore enkelt og koseleg, sjå bare på Kardemomme by og Hakkebakkeskogen. Men det menneskelege registeret strekker seg nå ein gong ganske langt forbi heimehygge, turar i skog og mark og vaffelsteiking for fotballag og skulekorps. Og det er det nødvendig å ta konsekvensen av, om me vil vera ansvarlege medmenneske.
Dersom me ikkje skal bli framande for oss sjølve, må me ha ein kultur som inkluderer det ved oss som er komplisert og skarpt og vilt så vel som det som er mjukt og veikt og forskremt. Ei slik inkludering stiller store krav både til den enkelte og til fellesskapen. Derfor er det freistande for lokalsamfunnet å seia at dei som ikkje greier å vera enkle og koselege, kan reisa til hovudstaden eller utlandet og la oss andre få eta vaflane våre i fred. Ulempen er at på den måten tappar lokalsamfunnet seg for ressursar, og druknar til slutt i si eiga vaffelrøre.

3.
Sandnesgauken blei opphavleg produsert som leiketøy og blåseinstrument for levande ungar. Nå blir han bare brukt til å gi til folk som er her på besøk. Dei færraste veit kva som er bak og fram på ein leirgauk. Men han førestiller faktisk ein fugl som står med hovudet under vengen. Slik symboliserer han, ufrivillig, men uigjendriveleg, ein lokalkultur som ikkje vågar visa ansiktet sitt.

4.
Nå ved hundreårsskiftet har Sandnes slått dørene opp for eit stort og fint kulturhus, og der har allereie vore mange flotte forestillingar, opera og konsertar, prangande kulturprodukt med statsautorisert kvalitetsstempel på. Men då det gjaldt om å arrangera eit seminar om den kontroversielle humanisten Mauritz Kartevold, snubla det heimlege kulturvesenet i sin eigen dørstokk. Å skapa noko sjølv, å løfta vår eiga historie og våre eigne verdikonfliktar opp på eit høgare nivå, det var meir enn Sandnes kunne makta.

5.
Den som tenker at du skulle bare visst alt det eg går og tenker for meg sjølv, skal vita at det speler inga rolle så lenge det ikkje kjem til uttrykk. Bare ved å gi til kjenne den tonen me har i oss, kan me
vera noko for kvarandre.




Solveig Aareskjold er essayist med mange utgivelser bak seg, senest Kunsten å bu i hus, fra 1999. Bosatt i Sandnes.
solveiaa@netpower.no